Forslag frå stortingsrepresentantane Magnhild Meltveit Kleppa og Åslaug Haga om endringar i utlendingslovgjevinga

Dette dokument

  • Dokument nr. 8:14 (2003-2004)
  • Dato: 26.11.2003
  • Sidetall: 2

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Utvidinga av EU og ny EØS-avtale med verknad frå 1. mai 2004, inneber i prinsippet fri rørsle av arbeidstakarar mellom dei ti nye medlemslanda og det øvrige EU/EØS-området. Ein protokoll i tilslutningsavtalen som bind Noreg til dei nye medlemslanda i EU, inneheld òg ei plikt for Noreg til å arbeide aktivt for at det skal verta enklare for arbeidstakarane i dei nye EU-landa å finne arbeid i Noreg. Overgangsordningar gir dei opphavlege EU/EØS-landa løyve til å avgrensa den venta effekten av fri arbeidsvandring i ei viss tid.

Det er uvisst kva konsekvensar denne utvidinga vil få for Noreg og for andre land i EØS-området. Utrekningar gjorde i EU, antyder ei årleg innvandring frå nye til gamle EU/EØS-land på mellom 300 000 og 600 000 innvandrarar. Mellom dei reknar ein at 80 pst. vil dra til Tyskland og Austerrike. Kva konsekvensar ein open arbeidsmarknad vil få for Noreg, heng m.a. saman med korleis dei andre EU/EØS-landa vil forhalde seg til bruk av overgangsordningar. Det er avklart at verken Finland, Tyskland, Austerrike, Frankrike eller Italia ynskjer å opne for fri flyt av arbeidstakarar frå 1. mai 2004, og vil nytte overgangsordningar. At ein så stor del av den vesteuropeiske arbeidsmarknaden blir avgrensa, vil monaleg auke presset mot dei resterande landa.

Ei interdepartemental arbeidsgruppe under leiing av Kommunal- og regionaldepartementet (KRD), peikar på at tilstrøyminga til Noreg, med grunnlag i dei store skilnadene i løns- og velferdstilbod mellom austeuropeiske land og Skandinavia kan bli stor. Det er grunn til å rekne med at det særleg vil gjere seg utslag i yrkesgrupper der kravet til språkkunnskapar ikkje er avgjerande.

Ein open og fri arbeidsmarknad er i utgangspunktet eit gode, både for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar, men dette forutset at marknaden er i balanse. Det er naudsynt å sjå på den nasjonale arbeidsmarknadssituasjonen. Vi har i dag rekordhøgt tal ledige, - over 100 000 personar er registrerte arbeidsledige. Dette veit vi svingar over tid. Det særleg grunn til å uroe seg over den arbeidskraftsressursen vi ikkje greier å mobilisere verken i dårlege eller gode tider. Dette gjeld til dels innvandrargrupper som over lang tid har vore kraftig overrepresenterte på ledigstatistikkane. Statistisk sentralbyrå (SSB) fortel at 20 000 fleire funksjonshemma er sett utanfor arbeidslivet siste året. Det gjeld også alle dei som gjennom ulike utstøytingsmekanismar blir ståande på utsida av arbeidsmarknaden. På dette området er det ein stor innsats å gjere.

Samstundes som det er mange utan arbeid, er det òg bransjar som strevar med å skaffe kvalifisert arbeidskraft. Forslagsstillarane meiner ein kan løyse dette betre enn i dag ved ein kombinasjon av incentiv for å nytte fleire av dei som er ledige i Noreg, samt ei utviding av dei avtalane ein i dag har mellom styresmaktene og partane i arbeidslivet om årlege kvotar av arbeidstakarar frå andre land.

Det er positivt med ei viss utveksling av arbeidskraft mellom land. Det at nordmenn kan reise ut for å ta arbeid og utlendingar kan kome hit for å ta arbeid, gir folk nyttig kompetanse, fører til auka kulturforståing, og gjer at dei kan tilføre nye impulsar og kompetanse når dei kjem heim. Forslagsstillarane meiner arbeidskraftinnvandring difor må byggje på likebehandling av personar frå ulike land. Forslagsstillerne er usamde i at slike ordningar berre skal gjelde statsborgarar av privilegerte statar innan OECD- og EØS-området. Det er behov for å praktisere lovverket meir fleksibelt for arbeidssøkjarar frå land utanfor EØS-området som alt oppheld seg i landet, slik som utanlandsstudentar, flyktningar og asylsøkarar.

Arbeidssøkjarar frå andre land vil ha avgrensa rettar til velferdsordningar så lenge dei leitar etter arbeid. Samstundes inneber EU-retten at det ikkje kan krevjast mange timar pr. veke for å bli rekna som arbeidstakar. Ein interdepartemental arbeidsgruppe nedsett av KRD skriv:

"Selv om jobben ikke er tilstrekkelig til å leve av, kan man bli regnet som arbeidstaker. På grunnlag av det vil man kunne få fulle sosiale og økonomiske rettigheter i det norske samfunnet. (….) De liberale reg­lene for familiegjenforening for arbeidstakere fra EU/EØS-land kan også føre til utilsiktede belastninger på en del velferdsordninger."

Arbeidsvilkåra i den norske arbeidsmarknaden er prega av god kontroll og av tariffavtalar, lov- og regelverk som sikrar arbeidstakarane. Det er ei samfunnsmessig stor utfordring å kunne vedlikehalde desse ordningane med auka press og konkurranse frå arbeidstakarar og bedrifter som opererer med heilt andre standardar. Det er òg god grunn til å tru at ein fri arbeidsmarknad vil auke aktiviteten frå seriøse og useriøse vikar- og utleigebyrå, og andre formar for "arbeidsformidling" som ein i dag er kjent med frå våre austlege naboland. Det ein truleg kan vente er at mange av desse aktørane vil utnytte lønsskilnadane til eiga vinnings skuld, noko som i tillegg til å skapa problem for arbeidssøkjarar, også skaper press mot dagens løns- og velferdsordningar. Det er venteleg at dei aller fleste arbeidssøkjarar vil tilby seg å arbeide på løns- og arbeidsvilkår som ligg under avtalte løns- og arbeidsvilkår i mange sektorar i norsk arbeidsliv. Slik sosial dumping er ikkje til gode for innbyggjarane, verken i Noreg eller i dei nye medlemslanda.

Tiltredingsavtalane med dei nye søkjarlanda opnar for at det kan setjast overgangsordningar i avgrensa periodar på til saman inntil sju år, dei siste to åra på nærare vilkår. Overgangsordningane inneber at dei noverande EU/EØS-landa kan setje grenser når det gjeld fri rørsle for arbeidstakarar frå dei nye medlemslanda. Ei slik overgangsordning kan regulerast gjennom å nytte nasjonal lovgjeving slik vi kjenner ho i dag. Dette kan til dømes skje gjennom krav til arbeidsløyve og vilkår knytt til arbeidstilbod, løns- og arbeidsforhold.

I fylgje dagens regelverk gir ein ikkje arbeidsløyve dersom arbeidet skal lønnast dårlegare enn løns- og arbeidsvilkår som er vanleg for samanliknbart arbeid. Store deler av fagrørsla, deriblant Landsorganisasjonen i Noreg (LO) og Fellesforbundet, ynskjer å føre vidare desse premissane.

Nytting av overgangsordningane vil gjere det mogleg med ei langt betre førebuing av informasjon, naudsynte presiseringar i aktuelt lovverk, samt styrking av dagens kontrollregime og eventuell oppretting av nye samarbeids- og kontrollinstansar. Ein vil samstundes ha høve til ei gradvis tilpassing til ein ny situasjon, endringane vil dessutan såleis komme samstundes i Noreg som i dei landa som representerer dei største arbeidsmarknadene i Europa. Ei slik ordning vil òg førebygge at utvidinga svekkar tilhøva og arbeidet med å skape meir ordna høve i dei mest utsette delane av arbeidslivet.

I løpet av denne perioden kan vi òg vente oss ei positiv utvikling i dei nye medlemslanda, noko som også vil redusere migrasjonspresset.

Forslagsstillarane meiner at Noreg må førebu og innføre nasjonale overgangsordningar, og ikkje opne for fri rørsle av arbeidskraft frå dei nye medlemslanda frå 1. mai 2004. Trongen for lengda av overgangsordningane må vurderast i samsvar med dei erfaringar som vert gjort med arbeidskraftsmigrasjon i EØS-området frå 1. mai 2004.

Desse nasjonale ordningane må ikkje vere til hinder for at norsk næringsliv kan rekruttere arbeidskraft som det er mangel på innanlands, på eit fleksibelt vis som i dag.

Forslag

På denne bakgrunn vert det fremja følgjande

forslag:

  • 1. Stortinget ber Regjeringa leggje fram for Stortinget forslag til naudsynte endringar i utlendingslovgjevinga slik at Noreg kan nytte overgangsordningar frå 1. mai 2004 for å avgrense fri rørsle av arbeidskraft frå nye EU-land.

  • 2. Stortinget ber Regjeringa leggje til rette for kvotar for arbeidskraft frå andre land etter nærare avtale mellom partane i arbeidslivet.

26. november 2003