Representantforslag om endring av rovviltforvaltninga

Dette dokument

  • Representantforslag 31 S (2021–2022)
  • Fra: Bård Hoksrud, Carl I. Hagen, Tor André Johnsen, Dagfinn Henrik Olsen, Bengt Rune Strifeldt og Frank Edvard Sve
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Rovviltforliket frå 2011 har fleire utfordringar som over tid også har endra seg.

Rovviltpolitikken her i landet må vere «eit løft for fornufta» der bestandsmåla for dei ulike artane ikkje skal ligge skyhøgt over eller under dei vedtekne bestandsmåla.

Dagens rovviltpolitikk her i landet er ikkje basert på dagens realitet, og bestandsmåla som vart sett, må openbert revurderast både for bjørn og ulv, men også grundig vurderast for gaupe og jerv. Kongeørn er også blitt eit betydeleg problem for landbruksnæringa i spesielt utsette område, og bestanden av kongeørn har etter kvart blitt stor.

Ulv er og blir eit stort debattområde innan rovviltforvaltninga. Dagens mål om 4–6 ynglingar og med eiga ulvesone skaper svært store konfliktar og burde gje grunnlag for ei ny vurdering og endring.

«Har ein verkeleg behov for eiga ulvesone, og burde det vere mål om årleg yngling av ulv i Noreg?»

Regjeringserklæringa legg til grunn ei forvaltning innanfor Bernkonvensjonen sine rammer. I så fall er det tilstrekkeleg med ei årleg yngling av ulv i Noreg.

Bestandsmålet for bjørn er 13 årlege ynglingar i Noreg. Når målet om årlege ynglingar skal ned, bør dette kuttast jamt fordelt utover landet, med ei erkjenning om at mål om yngling av bjørn i nokre av landets største beiteområde er rimeleg problematisk.

Jerv er og har vore det største problemet innan rovviltforvaltninga. I årets rapport om jerv melder Rovdata om 60 registrerte ynglingar, noko som utgjer eit bestandsmålestimat på 386 jerv. Dette ligg skyhøgt over det vedtekne bestandsmålet på 39 ynglingar og om lag 250 individ.

Forvaltninga av jerv fungerer dårleg, der vedtekne fellingsløyve i lisensjakta ikkje blir optimaliserte og etterlevde. Jervejakta er svært krevjande, og burde openbert blitt regulert gjennom ein målretta og planlagd bruk av Statens naturoppsyn (SNO), som effektivt har vist at dei humant tar ut overskytande kvotar.

Sjølv om ein ved lisensjakt og i form av ekstraordinære uttak med hjelp av SNO har teke ut ca. 300 dyr dei fire siste åra, har bestanden av jerv ikkje gått ned. Belastninga for beitenæringa er betydeleg, og konfliktdempande tiltak er ikkje tilstrekkelege.

Gaupe ligg også over bestandsmålet som Stortinget har vedteke, på årleg 65 ynglingar, og var i 2021 på 67 ynglingar og eit bestandsestimat på 395 dyr. Lisensfelling og kvotejakt fungerer godt, og bestanden blir justert opp mot bestandsmåla gjennom effektiv jakt.

Bestanden av kongeørn og korleis kongeørna innverkar på beitenæringa, og spesielt reindrifta, må takast med i ny revidering av rovviltforvaltninga. Det er i dag eit bestandsmål på 850–1 200 hekkande par, og konfliktnivået er aukande, spesielt innan reindrifta. Kunnskap og forsking ikring kongeørna si rolle som predator overfor beitenæringa og reindrifta må grundig vurderast, der kongeørna bør forvaltast med revurderte bestandsmål.

I særleg beiteprioriterte område er det svært store utfordringar med rovdyr, og dei fleste veit at rovdyra ikkje ser nokon grenser for beiteprioriterte område eller kjerneområde for dei ulike rovdyrartane. Desse sonene må også grundig vurderast, og det må faktisk vurderast om det er hensiktsmessig med soner i det heile. Til dømes blir forvaltninga svært vanskeleg å handtere med kjerneområde for rovdyr og beiteprioriterte område, når rovdyra sjølve ikkje begrip eit komma av dette i praksis, ikkje gjer beitedyra det heller. Rovdyra ferdast der det er mat og i dei områda der det er ideelle levemessige forhold for dei ulike artane. Dette ser ein i praksis ved at nokre av dei beste rovviltområda samstundes er nokre av dei beste beiteområda, noko som sjølvsagt ikkje heilt går i hop.

Antalet skadefellingsløyve som årleg blir gjeven i dei ulike rovviltområda, viser utfordringa, der skadefelling spesielt av jerv ikkje er eit verkemiddel som fungerer, er «som å leite etter ei knappenål i ein høystakk» på barmark. Forvaltninga må gjennomførast ved at bestandsmålet faktisk blir gjennomført og etterlevd gjennom effektiv jakt og uttak av SNO.

Det ein dessverre ser, er at felling blir vanskeleg frå år til anna, noko som medfører at beitenæringa får heile byrda, og med dertil store tap av beitedyr.

Konfliktdempande tiltak må også intensiverast og prioriterast høgare. Mange tiltak verkar, men er også svært kostbare. Beitenæringa og reindrifta må i større grad få kompensert sine ekstrakostnadar ved dei konfliktdempande tiltaka, noko ein ser ikkje alltid er ein realitet.

I for stor grad har Miljødirektoratet og Miljødepartementet instruert og styrt rovviltforvaltninga. Dei regionale rovviltnemndene må heller få enda meir sjølvstyre innanfor vedtekne rammer.

Byrdefordelingsprinsippet må også opp til ny vurdering der det er store utfordringar med beiteområde og område med betydelege bestandar av fleire av dei store rovdyra.

Rovdyr har ein plass i norsk fauna, men ein må også ha ei fornuftig og målretta forvaltning som faktisk gjer at ein kan ha ei levande beitenæring i heile landet. I dag er dette faktisk kraftig utfordra.

Derfor fremmer forslagsstillarane forslag om at rovviltforliket er modent og klart for ny vurdering og rullering.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa rullere og revurdere rovviltforliket av 2011, og koma attende til Stortinget med dette, der spesielt bestandsmåla for alle dei fire rovdyra, ulv, bjørn, gaupe og jerv, og for kongeørn, blir vurderte på nytt med fokus på at bestandsmåla skal haldast.

  2. Stortinget ber regjeringa kome attende til Stortinget med ei ny vurdering av rovviltforvaltninga opp imot beiteprioriterte og rovviltprioriterte område, med spesielt fokus på å etterleve bestandsmåla og å bruke Statens naturoppsyn meir målretta i dette arbeidet, og i tillegg betre organisering og målretting av konfliktdempande tiltak.

  3. Stortinget ber regjeringa vurdere å flytte forvaltningsansvaret for rovvilt frå Klima- og miljødepartementet til Landbruks- og matdepartementet.

18. november 2021

Bård Hoksrud

Carl I. Hagen

Tor André Johnsen

Dagfinn Henrik Olsen

Bengt Rune Strifeldt

Frank Edvard Sve