Interpellasjon fra Ranveig Frøiland (A) til familie- og forbrukerministeren

Interpellasjon nr. 10 (1990-91)
Datert: 22.08.1990
Spørsmålet er trukket tilbake

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): "I dei seinare åra er det etablert fleire støttesenter mot incest rundt i landet.

Støttesentra har ein ideologi som er basert på sjølvhjelp, som har synt seg å vera eit eineståande tilbod for kvinner og born som har vore utsette for incest.

Sosialdepartementet har eit prosjekt vedkomande "Oppbygging av tiltak for barn som er utsatt for seksuelle overgrep". Leiinga for prosjektet peika på at desse incestsentra gjev eit verdifullt supplement til det offentlege hjelpeapparatet.

Eg er gjort kjent med at Familie- og forbrukardepartementet berre vil gje økonomisk støtte til senteret i Oslo.

Meiner statsråden at det ikkje er trong for fleire senter her i landet, og korleis vil Familie- og forbrukardepartementet følgja opp Sosialdepartementet sitt prosjekt når barnevernet er ført over til Familie- og forbrukardepartementet?" ( Trukket tilbake)

Les hele debatten