Spørsmål
Sigvald Oppebøen Hansen (A): Frå nyttår vart det sett i verk nye reglar for attføring og rehabiliteringspengar. Reaksjonar frå brukarane tyder på at reglane kan ha fått utilsikta utslag med sterk reduksjon i ytingane for einskilde. Dei nye reglane krev stor ekstrainnsats frå arbeidsmarknadsetaten. Dette gjer det vanskelegare å gje brukarane hjelp og rettleiing. Samstundes har Regjeringa svekt etaten sitt budsjett monaleg.
Kva er statsråden si vurdering av desse utslaga, og korleis vurderer statsråden personelltilhøva i etaten?
Les hele debatten