Interpellasjon fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til sosialministeren

Interpellasjon nr. 17 (2002-2003)
Om konkurranseutsetjing og privatisering av omsorgstenester, og å hindra at eit einsidig fokus på kostnadseffektivitet medverkar til ei lite verdig eldreomsorg
Datert: 12.03.2003
Besvart: 03.04.2003 av sosialminister Ingjerd Schou

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Dagboka frå ein pasient ved Risenga bo- og omsorgssenter i Asker slik ho er presentert i VG 10. mars d.å. har med rette vekt sterke reaksjonar. Det er nærliggjande å setja søkelyset på kommunane si rolle og deira ansvar på leiaropplæring og krav til bemanning. Det handlar utan tvil også om kva rammer kommunane har til dei oppgåvene dei skal løysa. Denne gongen gjeld det tilhøva ved Risenga bo- og omsorgssenter. I fjor vart graverande forhold ved Hovseterhjemmet avdekka. Begge desse institusjonane har fått tildelt anbod etter konkurranseutsetjing. I Sverige ser ein no at fleire kommunar reverserer konkurranseutsetjing og privatisering av omsorgstenester.

Vil statsråden føreta seg noko for å hindra at eit einsidig fokus på kostnadseffektivitet medverkar til ei lite verdig eldreomsorg?

Les hele debatten