Interpellasjon fra Bjørn Lødemel (H) til miljø- og utviklingsministeren

Interpellasjon nr. 36 (2011-2012)
Om korleis statsråden vil gjennomføre rovviltforliket frå 17.6.11 i praktisk politikk, med bakgrunn i at forliket frå 2004 har feila i målsettinga om å ta omsyn både til beitenæringa og til rovdyra
Oversendt regjeringen: 06.12.2011
Besvart: 14.02.2012 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Eit samrøystes storting vedtok nytt rovviltforlik 17. juni 2011. Forliket frå 2004 hadde som målsetting å ta omsyn både til beitenæringa og til rovdyra, såkalla delt målsetting. Denne sameksistensen har ikkje fungert, og konfliktane har vore aukande. Det har og vore aukande mistillit til forvaltninga, og det er mange som meinar at det er ein av hovudgrunnane til at rovviltforliket frå 2004 har feila. No er det svært viktig at det nye forliket blir gjennomført på ein slik måte at det både skaper respekt for dei som bur og oppheld seg i rovviltbelasta områder, og at det tek vare på Noreg sine plikter når det gjeld rovdyr. Det er avgjerande at regjeringa følgjer opp dei signala og forventningane som Stortinget har til det nye rovviltforliket og rettar på dei manglane som var ved forliket frå 2004.
Korleis vil statsråden gjennomføre rovviltforliket i praktisk politikk?

Les hele debatten