Interpellasjon fra Bård Vegar Solhjell (SV) til kommunal- og moderniseringsministeren

Interpellasjon nr. 68 (2014-2015)
Om å utvikle og styrke Sogn og Fjordane fylke, med bakgrunn i at regjeringa har lansert ei rekkje reformer som kan bety omfattande sentralisering bort frå fylket
Oversendt regjeringen: 28.04.2015
Besvart: 21.05.2015 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Sogn og Fjordane er eit fylke med mange sterke kvalitetar. Låg arbeidsløyse, god folkehelse, flott natur og skular med gode resultat. Fylket skapar store verdiar mellom anna frå energiproduksjon, industri, reiseliv og sjømat. Det er samstundes eit distriktsfylke, utan storbyar og med spredt busetnad, som har utvikla seg gjennom aktiv distriktspolitikk og ved å dyrke sine særtrekk. Regjeringa har lansert ei rekke reformar eller 'strukturendringar' i offentleg sektor, som i realiteten kan bety omfattande sentralisering bort frå fylket. Dette kan bli situasjonen innan politiet, i høgskulesektoren, i organiseringa av skattekontor, jordskifterett, Fiskeridirektoratet og i organiseringa av alarmsentralar. Samstundes vert fylket råka av endra overføringar til fylkeskommunen. I sum kan dette svekke fylket og tappe det for kompetanse.
Vil regjeringa utvikle og styrke Sogn og Fjordane fylke, og i så fall korleis?

Les hele debatten