Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til barne- og likestillingsministeren

Interpellasjon nr. 3 (2016-2017)
Om korleis regjeringa vil syte for at den harde systemkritikken mot barnevernet frå tre fylkesmenn i saka om rogalandsjenta "Ida" fører til faktiske forbetringar og endringar
Datert: 22.09.2016
Besvart: 25.10.2016 av barne- og likestillingsminister Solveig Horne

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Fylkesmennene i Hordaland, Rogaland og Troms har lagt fram ein knusande granskingsrapport i saka om den såkalla "Glassjenta", om den no 18 år gamle rogalandsjenta "Ida" sitt to og eit halvt år lange opphald under barnevernet si omsorg. Hovudkonklusjonen er at jenta ikkje har fått ein oppvekst og ei omsorg som er i tråd med det vårt samfunn har slått fast at barn skal ha. Saka blei kjent gjennom Stavanger Aftenblad sin dokumentar i januar i år, og fylkesmennene har granska 14 etatar og institusjonar. Seks av dei har gjort til saman 15 lovbrot. Rapporten går lenger enn å fastslå at det offentlege har svikta. Den konkluderer med at "Ida" har lidd under systemfeil, og legg fram 33 forslag til korleis systemfeila bør rettast opp nasjonalt.

Korleis vil regjeringa syte før at granskingsrapporten og den harde systemkritikken mot barnevernet fører til faktiske forbetringar og endringar, slik at ingen andre barn må oppleve det same som "Ida"?

Les hele debatten