Skriftlig spørsmål fra Arne Sortevik (FrP) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:811 (2012-2013)
Innlevert: 12.02.2013
Sendt: 13.02.2013
Besvart: 19.02.2013 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Arne Sortevik (FrP)

Spørsmål

Arne Sortevik (FrP): Nye undersøkelser viser stor uenighet blant fagfolk vedrørende påstanden om at menneskeskapt CO2 påvirker klima. Nye målinger av temperatur "show substantially less recent warming than is claimed by global warming alarmists". Begge forholdene er nærmere omtalt i begrunnelsen for spørsmålet. Klimapolitikk og klimatiltak kan ha store konsekvenser for utvikling og levestandard i Norge.
Hvordan følger regjering, MD og statsråd med i kunnskapsutviklingen som bør være basis for norsk klimapolitikk?

Begrunnelse

Eks 1;
Only 36 percent of geoscientists and engineers believe humans are creating a global warming crisis, according to a newly published survey reported in the peer-reviewed Organization Studies. The survey throws cold water on assertions by global warming alarmists that nearly all scientists agree humans are causing a global warming crisis.
Nearly two-thirds of the 1,077 survey respondents said nature is the primary cause of recent global warming and/or that future global warming will not be a very serious problem.

Eks 2;
JAPANESE DATA CAST DOUBT ON ALARMIST TEMPERATURE CLAIMS
Global temperatures are warming much more slowly than claimed by British and U.S. government agencies that produce temperature data reports, according to data compiled by the Japanese Meteorological Agency.
According to meteorologist Anthony Watts, Japan is reporting that global temperatures during the past decade are approximately 0.25 degrees Celsius cooler than reported by the U.K. Met Office, the NASA Goddard Institute, and the NOAA National Climatic Data Center. The 0.25 degree difference is staggering considering the Earth warmed merely 0.6 degrees Celsius during the entirety of the twentieth century.
Japanese scientists appear to be giving more weight to real-world temperature data than the U.K. and U.S. government agencies do, Watts reports. NASA, NOAA, and the Met Office make several adjustments to real-world temperature data that have the effect of inflating recent temperature readings and reducing the temperatures that were reported several decades ago. By contrast, the Japanese scientists give more weight to real-world data than to government agency adjustments that always seem to add more warming than appears in the raw temperature data.
The Japanese data add weight to global temperature readings compiled by NASA satellite instruments. NASA satellite instruments show substantially less recent warming than is claimed by global warming alarmists and government agencies that adjust the real-world temperature readings. Because the NASA satellite instruments uniformly measure global temperatures, the temperature readings do not require any adjustments to weed out asserted temperature anomalies.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Det er svært viktig for regjeringa og sjølvsagt for meg som statsråd, at vi har ein kunnskapsbasert klimapolitikk. Difor legg eg svært stor vekt på at vi må få fram dei samla vitskaplege vurderingane, der dei enkelte delane er sett i samanheng. Klimaforskinga dekkjer svært mange fagfelt og spenner vidt, så det er ikkje råd å konkludere på grunnlag av einskilde observasjonar og betraktningar om berre avgrensa delar. Ein slik systematisk gjennomgang av den forskinga som er publisert og dei observasjonane som føreligg, gjer FNs klimapanel. Hovudrapportane til klimapanelet er difor ei viktig kjelde til kunnskapsgrunnlag for klimapolitikken. I desse rapportane vert den nyaste vitskaplege faglitteraturen vurdert for å forstå risikoen for menneskeskapte klimaendringar og potensielle verknader, samt moglege tiltak og tilpassingar. Grunnlaget for klimapanelets arbeid er publisert vitskapleg materiale som tilfredsstiller vanlege krav til omhyggjeleg arbeid og resultat som kan kontrollerast. Hovudrapporten inneheld gjerne fleire tusen referansar. Meir enn 800 forfattarar bidreg i utarbeiding av den femte hovudrapporten, som skal publiserast i 2013-14. Det er omfattande faglege høyringar av rapportane. Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif) koordinerer Noregs arbeid inn mot FNs klimapanel. Klif representerer Noreg på plenumsmøter og deltek på møtene der hovudrapportar og spesialrapportar blir vedtekne. Klif har også ansvar for å nominere norske forfattarar til Klimapanelet sine rapportar og koordinerer styresmaktene sine høyringar av utkast til hovudrapportar. Det er stor grad av utskifting av forfattarar mellom den førre og den neste rapporten. Dei omfattande høyringsprosessane og utskiftinga av forfattarar er med på å sikre at vurderingane er fagleg oppdaterte og uhilda. Dette gjer at ein kan ha stor tiltru til vurderingane og konklusjonane til Klimapanelet.

Når det gjeld grunngjevinga for ditt spørsmål og påstanden om at berre 36 prosent av ingeniørar og fagfolk i geovitskap trur at global oppvarming er menneskeskapt, vil eg påpeike at dette stammar frå ei undersøking om haldningar til klimaspørsmålet blant tilsette i oljebransjen i Alberta i Canada. Eg vil gjenta det eg har svart før om temperaturutviklinga det siste tiåret. Det er den langsiktige trenden med global oppvarming som er den viktige. Kortvarige naturlege variasjonar på ti år skjer samstundes med at vi har ei global oppvarming. Dette er vurderinga frå tunge fagmiljø i mange land, og byggjer på observasjonar over mange tiår.

Menneskeskapte klimaendringar utgjer ein risiko for omfattande skader og behov for omstilling i samfunnet. Eg ønskjer ein diskusjon om korleis vi skal møte desse utfordringane, som vil stille store krav til Noreg og andre land.