Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til finansministeren

Dokument nr. 15:1051 (2012-2013)
Innlevert: 21.03.2013
Sendt: 21.03.2013
Besvart: 05.04.2013 av finansminister Sigbjørn Johnsen

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Eg viser til spørsmål nr. 985 vedrørende tollregler på import av metervarer til eit EU-land, som er avgiftspliktige.
Eg viser til nye moment i problemstillinga i begrunninga for mitt nye spørsmål, og stiller statsråden følgjande spørsmål; vil statsråden på bakgrunn av nemnde grunngjeving i tidlegare spørsmål nr. 985 og ytterlegare grunngjeving i noverande spørsmål vurdere om det bør føretakast endringar av gjeldande regelverk, slik at verksemder unngår store økonomiske kostnadar p.g.a. ufornuftige reglar?

Begrunnelse

Eg viser til problemstillingar grunngjeve i mitt tidlegare spørsmål nr. 985.
Eg forstår av svaret på mitt spørsmål nr. 985 at dette er reglar som i utgangspunktet har sin opprinnelse i EØS-avtalen. Det framstår likevel for meg som eit problem på følgjande bakgrunn:
Import av metervarer til eit EU-land er avgiftspliktig, men import av metervarer til Noreg er i dei fleste tilfelle ikkje avgiftspliktig.
Når metervara vert vidaresendt til eit EU-land for vidareforedling, vert heile produktet tollpliktig ved import til Noreg. Dvs. at ein betalar toll på meirverdien som metervara vert tilført i eit EU-land.
Vert vara vidareseld i EU-området er det KUN metervara som er tollpliktig. Satsen varierer, men eg meiner at det ligg mellom 6,8 % og 12 %.
I dei aller fleste tilfelle utgjer metervara ein vesentleg mindre andel av den totale produktprisen enn det tilførte arbeidet. Dermed vert den eksakte
same vara rimelegare i EU-sona enn den vert ved import til Noreg.
Verksemder som er i denne situasjonen meiner at dette er i strid med EØS-avtala, som skal sikre fri flyt av varer og tenester.
Ein stiller seg også undrande til at dette skulle vere intensjonen med EØS-avtala.

Sigbjørn Johnsen (A)

Svar

Sigbjørn Johnsen: Spørsmålsstillinga tyder på ei misoppfatning om innhaldet av EØS-avtala. Noreg er ikkje ein del av tollunionen til EU.
Når ei metervare vert innført til EU frå eit tredjeland for vidareforedling i EU er det klart at det ikkje kjem ytterlegare toll på vidareforedlinga av vara innanfor tollunionen, dersom vara er for omsetjing i EU.
Når derimot ei metervare frå eit tredjeland vert importert til EU, og metervara deretter vert sydd om til bukser, skjorter og liknande i EU, vert desse varene tollpliktige ved seinare import til Noreg. Reglane i EU er tilsvarande. Når ei metervare til dømes vert importert frå eit tredjeland til Noreg for vidareforedling her og deretter vert eksportert til EU vert desse varene tollpliktige ved import til EU. Forklaringa er som nemnt i mitt tidligare svar at EØS-avtala, som vilkår for tollfritak, stiller krav om opphav i EØS.