Skriftlig spørsmål fra Inger Johanne Bjørnstad (V) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1385 (2012-2013)
Innlevert: 30.05.2013
Sendt: 31.05.2013
Besvart: 07.06.2013 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Inger Johanne Bjørnstad (V)

Spørsmål

Inger Johanne Bjørnstad (V): Er det riktig at staten ikke vil gå inn og sikre strandarealer der det står bebyggelse, og hvordan vil i så fall statsråden bidra til at mer areal i strandsonen blir åpent for allmennheten i de delene av landet hvor det er forholdsvis lite friområder og hvor folketallet vil øke mest?

Begrunnelse

Norge har en lang kystlinje. Ikke alt er like gjestmildt og tilgjengelig for de som vil ut i naturen. I den delen av landet der det bor flest folk og det fra naturens side er ganske gjestmildt, er den tilgjengelige delen av strandsonen i stor grad nedbygget. Dette gjelder særlig rundt hele Oslofjorden. I dette området har det vært og ventes fortsatt en stor befolkningsøkning. I følge prognoser fra SSB vil befolkningen her i 2030 øke til nesten 2,5 millioner i Oslofjordfylkene og til 1,5 millioner i Oslo og Akershus alene. Dette er en vekst på over 500 tusen mennesker i Oslofjorden i forhold til dagens nivå.
Staten har i mange år søkt å sikre arealer med tanke på tilrettelegging for friluftsliv; «Statlig sikrede områder». Dette har i liten grad skjedd ved Oslofjorden, og særlig i indre Oslofjord. Nesten halvparten av de sikrede friområdene finnes i Agderfylkene samt Rogaland og Hordaland. Oslo og Akershus har til sammenlikning bare 5 prosent av de statlige sikrede friområdene. Strandsonen i Oslofjorden er nå så nedbygget at det er vanskelig å finne nye arealer som egner seg til friluftsformål og som ikke er bebygd. I Prop. S. 1 for Miljøverndepartementet er det en bevilgning til sikring av friområder (kap. 1427 post 30). Her fremgår at friområder nær tettbygde områder vil prioriteres. Dette hjelper lite ved Oslofjorden så lenge man ikke er villig til å sikre eiendommer som er bebygd.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Ei rekkje naturperler har vorte varig sikra sidan ordninga med statleg sikring av friluftsområde vart oppretta i 1958. Det er i dag sikra ca. 1900 område rundt i heile landet med statleg medverknad. Rundt 88 prosent av områda som er sikra ligg innanfor 100 metersbeltet mot sjø. Ordninga har i stor grad vore brukt til å sikre viktig friluftsareal i strandsona, område som er eigna for ferdsel, bading, fisking, båtutfart og strandbaserte aktivitetar. Fylka på strekninga frå Østfold til og med Hordaland er dei områda som har flest statleg sikra friluftsområde. Dette er på grunn av stort utbyggingspress på strandsoneareala på denne strekninga, og fordi område i strandsonen har vore prioritert i sikringssamanheng. Ein annan viktig faktor er det arbeidet som kommunane og dei interkommunale friluftsråda har utført på denne strekninga, og etableringa av Skjærgårdsparker frå Telemark til Vest-Agder.

Sikringsordninga fungerer slik at det er kommunen eller friluftsråd som tek initiativ til søknad om middel til sikring av eit friluftsområde. Staten tek normalt ikkje sjølv initiativ til å sikre friluftslivsområde. Det er difor ein føresetnad at kommune eller friluftsråd sjølv ynskjer og tek initiativ til å sikre friluftslivsområde, og søkjer staten om bistand til dette. I nokre område, som blant anna Indre Oslofjord, har det kome få søknader om statleg økonomisk bidrag til sikring av friluftslivsområde.

Staten sikrar normalt ikkje område med busetnad, då bygningar i friluftslivsområde kan gje eit privatisert inntrykk av områda og i praksis redusere ålmenta si bevegelsesfridom på områda. Eksisterande bygningar og anlegg som finst i område som blir sikra skal i utgangspunktet anten rives eller teke i bruk til allmennyttige formål som kan tene nytta av området (servicefunksjonar). I unntakstilfelle kan det likevel vere aktuelt å la eksisterande bygningar bli ståande, til dømes av omsyn til kulturminne interesser. Ei anna viktig årsak til at det normalt ikkje blir sikra busette eigedomar er at dei ofte er svært kostbare. Regjeringa har difor i hovudsak prioritert å bruke midla til staten til sikring av friluftslivsområde utan bygningar. Då oppnår ein at eit større mengd område kan sikrast årleg, og ikkje ei svært avgrensa mengd dyre eigedomar. Denne prioriteringa har medført at ein i 2012 fekk sikra 30 nye friluftslivsområde, fordelt over heile landet.

Regjeringa ynskjer i utgangspunktet heller ikkje å bruke dei årlege midla til opparbeiding og tilrettelegging av friluftslivsområde til kostbare tiltak på bygningar, som kanskje òg har eit avgrensa verd for nytta av områda.

I nokre tilfelle kjøper likevel kommunane eller friluftsråda friluftslivsområde med busetnad, og fraskiller og sel sjølv busetnaden. Staten kan i slike tilfelle dekke heile eller deler av nettokostnadane for kjøpet av friluftsområdet.

Regjeringa ynskjer at dei areala som blir sikra med statleg medverking skal kunne brukast av flest mogleg og dermed generere mest mogleg friluftsaktivitet. Difor blir område i og ved byar og tettstader prioritert, og landfaste område i kystsonen. Regjeringa ynskjer at sikringsordninga skal vere eit viktig bidrag i arbeidet med blant anna å ivareta strandsoneareal for ålmenta som kan brukast av mange, og at ordninga er innretta mest mogleg hensiktsmessig for å oppnå dette.

Eg vil òg vise til at ålmenta har tilgjenge til store dele av privat åtte strandareal, og at kommunane har eit ansvar for å sikre dette tilgjenget gjennom planlegginga si etter plan- og bygningsloven. I mange kommunar blir det no gjort viktig arbeid for å fjerne ulovlege stengsel i strandsona. Kommunane i heile landet har ansvar for å sikre ålmenta tilgjenge til strandsoneareala gjennom sin arealplanlegging. Det er gjeve eigne statlege planretningslinjer for dette arbeidet.