Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:1530 (2012-2013)
Innlevert: 19.06.2013
Sendt: 20.06.2013
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 31.07.2013 av samferdselsminister Marit Arnstad

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil auka kostnader til nye ferjeanbod vera noko statsråden tek med seg når rammene til fylkeskommunen blir fastsett?

Begrunnelse

I svar på spørsmål 1484 stadefestar samferdsleminister Marit Arnstad at alderen på ferjene i fylkesvegferjedrifta er vesentleg høgare enn på riksvegsambanda. Dette uroar dei ferjeavhengige samfunna langs kysten. Svært ofte opplever dei reisande meldingar om avbrote turar, ofte pga tekniske problem som igjen skyldast den høge alderen på materiellet. Samferdsleministeren viser til at etter forvaltningsreforma er det fylkeskommunane som lyt setja krav i anboda. Vi har sett at dei siste anboda gjennomført av fylkeskommunane som er i Møre og Romsdal viser betydeleg høgare kostnadar enn i gjeldande anbod. Skal ambisjonen som samferdsleministeren svarte ho hadde om å gje eit godt tilbod med driftsstabilitet krev det at fylkeskommunen har økonomi til å gje dette tilbodet.

Marit Arnstad (Sp)

Svar

Marit Arnstad: Fylkeskommunane har ansvar for fylkeskommunal ferjedrift. Det er derfor eit fylkeskommunalt ansvar å prioritera ferjedrift opp mot andre fylkeskommunale oppgåver, innan gjevne budsjettrammer.
Fylkeskommunane er i ferd med å konkurranseutsetja ferjedrifta på nytt, etter at første periode med drift basert på konkurranse går mot slutten.
Kostnader for viktige innsatsfaktorar i ferjedrift, som løn og drivstoff, har auka sterkt dei siste åra. Det vil derfor vera naturleg å følgja utviklinga for nye kontraktar i fylkesvegferjedrifta framover, og i den samanhengen vurdera om ressursrammene til fylkeskommunane totalt sett er tilstrekkelege.