Fredric Holen Bjørdal (A): Kjem regjeringa til å vidareføre dei raud-grøne sitt arbeid for å sikre at færre unge fell utanfor arbeidslivet, eller kjem ein til å fjerne ungdomsgarantien og dimed redusere innsatsen for å hjelpe ungdom tilbake til arbeid eller utdanning?
Begrunnelse
Arbeidsløyse blant ungdom er svært alvorlig, og å hindre at unge menneske fell utanfor arbeidslivet fordrar ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk. Ungdomsgarantien er eit slikt tiltak som har blitt utvida til no å sikre at ingen unge under 30 år skal gå meir enn 6 månadar utan arbeid før ein får tilbod om jobb, utdanning eller arbeidsmarknadstiltak. Denne garantien vart fjerna av Bondevik II-regjeringa, den raudgrøne regjeringa innførte han på nytt og forsterka han.
I den politiske plattforma til regjeringa utgått av Høgre og Framstegspartiet står det ikkje noko om ungdomsgarantien, og bakgrunnen for spørsmålet er såleis å klargjere framtida for dette viktige tiltaket.