Ingrid Heggø (A): I Regjeringserklæringa framgår det at regjeringa vil legge til grunn at strukturerte kvoter skal vera tidsubegrensa. Høgsterett har i dag, 23.10 gitt staten medhald i at innføring av ei tidsbegrensing på 25 år for fartyg som var tildelt tidsubegrensa strukturkvoter ikkje var grunnlovsstridig.
Vil statsråden likevel innføre nye tidsubegrensa strukturkvoter i tråd med regjeringserklæringa?
Begrunnelse
Høgres Fiskeriminister Svein Ludvigsen innførte i 2005 evigvarande strukturkvoter. Då Stoltenberg-II regjeringa overtok seinare same år vart dette stoppa opp, og i 2007 innførte fiskeriminister Helga Pedersen ei tidsavgrensing på 25 år for kvoter som var tildelt utan tidsavgrensing. Dette vart klaga inn av Eivind Volstad, som meinte at tidsavgrensing med tilbakeverkande kraft var grunnlovsstridig. Saken har versert i rettsapparatet over fleire år, og i ein plenumsdom i Høgsterett 23.10.13 er staten gitt medhald i at tidsavgrensinga ikkje var grunnlovsstridig. Av omsyn til føreseielege rammer for næringa er det viktig å få avklart om Regjeringa vi opne for nye rundar med tidsuavgrensede strukturkvoter, eller om det no vert ro om ordninga.