Bård Vegar Solhjell (SV): To norske jenter har reist med formål om å kome seg til Syria, og faren deira leitar etter dei.
Kva gjer norsk utanriksteneste for å hjelpe faren og dei to jentene?
Begrunnelse
Gjennom media er det kjent at to norske søsken på 16 og 19 år har reist til Syria, eller forsøke å ta seg inn i Syria. Faren deira har reist etter, og leiter etter dei i grenseområda mellom Tyrkia og Syria. Det er viktig, at dei får den hjelp og oppfølginga dei treng, både av norsk utanriksteneste og norske barnefaglege miljø.