Fredric Holen Bjørdal (A): I regjeringserklæringa står det at ein «vil stille krav om at ingen skal kunne sykemeldes i mer enn 6 måneder av sin egen fastlege». Dette kan skape utryggleik for alle som vert råka av langvarig sjukdom, til dømes kreftpasientar, og forvirring om kven dei skal vende seg til når denne seksmånadarsperioden er over.
Kan statsråden svare på korleis dette systemet skal organiserast og kven den einskilde pasient skal vende seg til, når det ikkje lenger er fastlegen?
Begrunnelse
I den politiske plattforma for regjeringa utgått av Høgre og Frp står følgjande formuleringar:
"Regjeringen vil stille krav om at ingen skal kunne sykemeldes i mer enn 6 måneder av sin egen fastlege."