Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:68 (2013-2014)
Innlevert: 07.11.2013
Sendt: 08.11.2013
Besvart: 18.11.2013 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kven kjem til å utgjere arbeidsgruppa som skal gjere framlegg om tiltak til ny handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme, kva mandat har dei fått og når kan me rekne med at justisministeren vil leggje fram ein slik plan?

Begrunnelse

Landet fekk sin fyrste handlingsplan som var spesifikt retta mot radikalisering og valdeleg ekstremisme i 2010; «Felles trygghet – felles ansvar». I statsbudsjettet for 2014, Prop. 1 S (2013-2014) Justis- og beredskapsdepartementet, varsla Stoltenberg II-regjeringa at den dåverande regjeringa ville ha ein ny handlingsplan på feltet frå 2014.
Eg har med glede registrert at den nye regjeringa vil følgje dette opp.
Tysdag 5. november hadde justis- og beredskapsministeren pressekonferanse der han varsla at det skal setjas ned ei arbeidsgruppe for å førebu ein slik handlingsplan. Ei slik arbeidsgruppe kan vere eit nyttig verkty.
Diverre kjem det ikkje fram av nyhendemeldinga på justisdepartementet sine nettsider kven som skal utgjere arbeidsgruppa, ei heller om det til dømes er eksterne fagfolk, evt. eller ei tverrdepartemental gruppe med politikarar og embetsverk. På nettsida er fem punktar som vil vere sentrale for arbeidsgruppa sitt arbeid nemnt, men det står ikkje kva heilskapen i mandatet deira kjem til å vere. Det er varsla når arbeidsgruppa skal kome tilbake til statsråden med eit framlegg, men det står ikkje kva som vil vere den vidare framdrifta for arbeidet, eller når ein kan vente at ein handlingsplan vil vere ferdig og kan takast i bruk.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Arbeidsgruppa er førebels ikkje satt saman, men Justis- og beredskapsdepartementet tek imot innspel frå departement som kjem saka ved. Det er ikkje satt nokon endeleg framdriftsplan for arbeidsgruppa. Justis- og beredskapsdepartementet skal i samråd med dei relevante departementa fastlegge eit mandat for arbeidsgruppa.
Eg tek sikte på å leggje fram ein ny handlingsplan våren 2014.