Geir Pollestad (Sp): Etter at forskrift om Svarthalespove vart vedteken i 2011 med heimel i Naturmangfaldlova har det vore eit høgt konfliktnivå mellom grunneigarar på Jæren og sentrale myndigheiter. I Regjeringas politiske plattform er det sagt at praksis knytt til Naturmangfoldlova skal vurderast.
Vil statsråden ha klar ei varig løysing knytt til Svarthalespove i god tid før slåttesesongen 2014?
Begrunnelse
Svarthalespove er peika ut som prioritert art etter Naturmangfoldlova. Dette har vore særs omstridt og det har vist seg vanskeleg å setta forskrifta ut i livet på ein måte som ikkje har uakseptable utslag for matproduksjonen. Og heller ikkje ein måte som er egna til å ta vare på fuglen.
I 2012 ble det gitt kollektiv dispensasjon frå heile forskrifta og dette året kom mange fuglar seg på vengene. I 2013 vart det og gitt mange dispensasjonar. Det er uakseptabelt at bønder skal drive matproduksjon basert på dispensasjoner gitt like før slåtten. Forvaltninga av Svarthalespove passer godt inn i det mønster som Riksrevisjonen kjem med kritikk av i Dokument 3:13 (2012-2013)
Jæren ligg i grenseland for Svarthalespoven sitt naturlege leveområde. Då ein i 2011 fullt ut gjennomførte det statlege verneregimet ble konfliktnivået uakseptabelt høgt. Resultatet for fuglen var også magert. Det er verdt å merke seg at produksjon av gras er ein føresetnad for at Svarthalespoven i det heile hekkar i dette området.