Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:122 (2013-2014) Innlevert: 25.11.2013 Sendt: 25.11.2013 Besvart: 28.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson
Fredric Holen Bjørdal (A): Arbeidsministeren seier til NTB 22.november at han gjev IA-avtalen strykkarakter. Kva er det statsråden konkret meiner er feil med avtalen; er det mål- og delmål, eller er det verkemidla?
Robert Eriksson: Som det kjem fram av den politiske plattforma til regjeringa, ønskjer vi å vidareføre samarbeidet med partane i arbeidslivet om ein ny IA-avtale. Eg meiner at IA-avtalen er viktig, noko som også kjem fram i intervjuet med NTB. Det er ei genuin interesse for å lukkast med dette viktige arbeidet hos alle dei tre partane i arbeidslivet. Ordbruken i overskrifta og ingressen til NTB er ikkje representativ for synet mitt på IA-arbeidet.Det betyr likevel ikkje at IA-arbeidet ikkje kan verte betre. Ingen av delmåla er nådd, sjølv om det er framgang knytt til delmåla 1 og 3. Det er også brei semje om at regimet for oppfølging av sjukefråver som vart innført i 2011 er for omfattande og byråkratisk. Regjeringa har invitert partane i arbeidslivet til forhandlingar om ein ny avtaleperiode, der måloppnåing, forenklingar og verkemiddel vil vere sentrale tema.