Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:154 (2013-2014)
Innlevert: 02.12.2013
Sendt: 03.12.2013
Besvart: 09.12.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil statsråden syte for at klagen mot Noreg vert handsama i Europarådets sosialrettskomité med det føremål å avklare om det ligg føre brot på organisasjonsfridomen ved norske offentlege hamner, og vil han uavhengig av dette setje inn tiltak for å sikre at organiseringa ved norske hamner er i tråd med menneskerettane?

Begrunnelse

Noreg har gjennom lang tid hatt ei ordning ved offentlege hamner der den såkalla Rammeavtalen mellom NHO og LO sikrar fortrinnsrett til arbeid for registrerte hamnearbeidarar. Systemet byggjer på ILO-konvensjon nr. 137, som ikkje er innført i Noreg ved lov, men gjennom partane i arbeidslivet ved tariffavtale. Ifølgje både Bedriftsforbundet og NHO har det vist seg at det norske systemet har ført til ei organisasjonsplikt i Norsk Transportarbeidarforbund for å få fast jobb som hamnearbeidar ved dei offentlege hamnene. Denne organisasjonsplikta er no klaga inn for Europarådets sosialrettskomité som klage nr. 103/2013. Klagen byggjer på ein påstand om at Noreg bryt Den europeiske sosialpakta artikkel 5 ved ikkje å sikre organisasjonsfridomen ved dei norske hamnene, det vil seie retten til sjølv å velje fagforeining eller velje å stå utanfor fagforeiningar. Den norske regjeringsadvokaten har på Noregs vegner bede om at saka vert avvist.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Det er ikkje tvil om at norsk rett sikrar både den negative og den positive organisasjonsfridomen. Det har Høgsterett slått fast i fleire saker. Avtalar og praksis i strid med organisasjonsfridomen vil difor vere i strid med norsk rett. Påstandar om slike brot må handsamast av det ordinære rettsapparatet.
Bedriftsforbundet har klaga Noreg inn for Europarådet sin sosialrettskomité for brot på menneskerettane. Europarådet har fastsett reglar for sakshandsaminga av såkalla kollektive klagar, og for kven som har rett til å setje fram slike klagar. Det vert stilt særskilde krav til klagaren etter som han opptrer som ein interesseorganisasjon, arbeidstakarorganisasjon eller arbeidsgjevarorganisasjon. Det vert og stilt krav om at klagaren må dokumentere at klagevilkåra er oppfylde. Det er vanleg prosedyre at komiteen først avgjer om klagar har rett til å fremje klagen. I fyrste omgang skal norske styresmakter svare på dette, og det har Regjeringsadvokaten gjort. Dersom klagen vert godteke av komiteen, vert det neste steget spørsmålet om organisasjonsfridomen.
Regjeringsadvokaten har i svaret sitt til sosialrettskomiteen gitt uttrykk for synet sitt om at klagaren ikkje har dokumentert at han har klagerett, og at klagen ikkje er godt nok dokumentert til å kunne verte handsama. I svaret har Regjeringsadvokaten og peika på at komiteen kan gje klagaren høve til å leggje fram ny dokumentasjon.
Spørsmålet om ein sak skal handsamast av sosialrettskomiteen avgjer som nemnd komiteen alltid i ei særskild avgjerd på førehand, anten partane har synspunkt på det eller ikkje. Dette er ei avgjerd eg korkje kan eller bør gripe inn i.