Fredric Holen Bjørdal (A): I siste PISA-undersøking gjer Finland det dårlegare enn før. Til NTB seier ein finsk forskar at noko av dette kan skuldast at færre av dei elevane som deltok i undersøkinga gjekk i barnehage, noko som kan ha svekka innlærings-evna. Regjeringa har fremja forslag for 2014 som vil gjere at færre barn vil gå i barnehage.
Er statsråden uroa over at dette på sikt kan vere negativt for barn si utvikling og læring, eller er han samd med nestleiaren i Frp Per Sandberg, som meiner det er skadeleg for barn å gå i heildagsbarnehage?
Begrunnelse
Den siste PISA-undersøkinga fortel at Finland gjer det dårlegare enn før. Til NTB 3.desember seier forskar Venla Bernelius ved Helsingfors universitet at ei av årsakene kan vere at færre av dagens 15-åringar, dei som danna grunnlaget for denne undersøkinga, gjekk i barnehage enn tidlegare årskull. Forsking i Sverige og Storbritannia viser at det å gå i barnehage verkar positivt inn på innlæringa, særleg når det gjeld mindre ressurssterke grupper.
Regjeringa går no bort frå to barnehageopptak, ho går inn for dyrare barnehagar og utvider kontantstøtta. Dette vil føre til at færre vel, eller har moglegheita til å velje å ha barna sine i barnehage.
Aftenposten viser i artikkel 27. november til nestleiar i Frp Per Sandberg, som omtalar barnehagar i si bok Mot min vilje. Eg siterer frå artikkelen: «Barn som «settes bort» fra ettårsalder «mister sitt opphav, sin identitet, og sin trygghet», mener Per Sandberg, som kobler lang dag i barnehage og økte utgifter til psykiatri.»