Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:215 (2013-2014) Innlevert: 17.12.2013 Sendt: 17.12.2013 Besvart: 19.12.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson
Fredric Holen Bjørdal (A): Eg viser til EU-kommisjonen sitt framlegg om å styrkje handhevinga av utsendingsdirektivet.Kva vil regjeringa gjere for å vidareføre den raud-grøne regjeringa sitt arbeid overfor EU slik at det framleis vil vere nasjonalt handlingsrom for tiltak og verkemiddel mot sosial dumping i Noreg?
Robert Eriksson: Regjeringa vil arbeide mot sosial dumping og for eit meir seriøst arbeidsliv. Det skal vi gjere gjennom målretta tiltak som gjer det mogeleg å luke ut dei useriøse aktørane og leggje til rette for rettferdig konkurranse. Difor støttar Regjeringa EU-kommisjonen sin intensjon om å styrkje handhevinga av utsendingsdirektivet gjennom eit eige handhevingsdirektiv. Det er viktig at handhevingsdirektivet opnar for nasjonale ordningar for tilsyn og kontroll, slik at vi kan tilpasse tiltaka mot sosial dumping i høve til både utfordringar og målsetjingar i norsk arbeidsliv.Regjeringa fører ein aktiv politikk for å ta vare på norske interesser overfor EU ved å medverke tidleg i politikkutforminga. Framlegget til handhevingsdirektiv er no gjenstand for forhandlingar mellom Rådet og Parlamentet, og vi følgjer saka tett, både i Brussel og gjennom kontakt med andre land som deler våre interesser.