Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:283 (2013-2014)
Innlevert: 16.01.2014
Sendt: 17.01.2014
Besvart: 24.01.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): I regjeringsplattforma under kapitlet Fiskeri og landbruk står det både at regjeringa vil auke antal konsesjonar i havbruksnæringa og at konsesjonar skal utgå .
Vil regjeringa fjerne konsesjonsordninga?

Begrunnelse

I regjeringsplattforma under kapitlet Fiskeri og Landbruk står det i sjuande avsnitt :

"Regjeringen vil legge til rette for en forutsigbar vekst i oppdrettsnæringen. Potensialet som ligger i næringen må videreutvikles. Regjeringen vil derfor åpne for å øke antall konsesjoner og øke totalt tillatt biomasse i eksisterende konsesjoner."



Ålså vil regjeringa auke antal konsesjonar.

Under same kapittel under kulepunkta står det:

Regjeringen vil "Erstatte dagens konsesjonsordninger for havbruksnæringen med en søknadsprosess basert på objektive tildelingskreterier."

Alså ikkje ha konsesjonar.

Dette er to motstridande utsegner, eg ber om avklaring på om regjeringa vil eller ikkje vil ha konsesjonar.

Elisabeth Vik Aspaker (H)

Svar

Elisabeth Vik Aspaker: Eg meiner at havbruksnæringa har eit stort potensial, og vi vil leggje til rette for berekraftig og føreseieleg vekst. Regjeringa tek sikte på å gjere dette ved å auke produksjonskapasiteten på gjeldande lakseløyve og ved å tildele nye. Nytildelingar skal byggje på objektive kriterier for tildeling.

Det er mange måtar å fordele ein framtidig vekst: Det kan tildelast nye løyve eller taket for produksjonskapasitet for den einskilde kan hevast, landet kan sjåast under eitt eller regionar kan sjåast for seg, og veksten kan skje ved faste tidspunkt eller løpande. Også når det gjeld fastsetting av vederlag for vekst kan det vere fleire ulike tilnærminger: Fastpris eller ein meir markedsbasert prisfastsetting, for eksempel gjennom bodrunde.

Vi vil no bruke naudsynt tid til å utvikle dei metodar vi ønsker å bruke for å leggje til rette for ei miljømessig berekraftig, føreseieleg vekst, og det overordna løyvesystemet vil ligge til grunn for dette arbeidet.

Dette er innanfor formuleringane i regjeringserklæringa om å ”legge til rette for en forutsigbar vekst i oppdrettsnæringen”, ”åpne for å øke antall konsesjoner og øke totalt tillatt biomasse i eksisterende konsesjoner” og ”(e)rstatte dagens konsesjonsordning for havbruksnæringen med en søknadsprosess basert på objektive tildelingskriterier”, der vi ønskjer å utvikle ein ny politikk for kapasitetsvekst til erstatning for dei tildelingsrundene med skjønnsmessige kriterier som har vore praktisert.