Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Den menneskerettslege krisa vi nå ser i Ukraina er svært alvorleg. Korleis meiner utanriksministeren at Norge best kan bidra i denne humanitære og menneskerettslege krisa som pågår?
Begrunnelse
Dei harde kampane på gatene i Kiev har ført til eit enormt behov for naudhjelp og støtte som er ramma av voldshandlingane. Det er særleg behov for medisinar og for kyndig helsepersonell. Då situasjonen er kaotisk er det også liten kapasitet for å kunne dokumentere kva for menneskerettsbrot som vert begått i Ukraina. Denne typen dokumentasjonarbeid vil vera essensiell for forsoningsprosessen etter ein konflikt som dette, men det vil krevst kyndig personell som har naudsynt røynsle med å samle inn informasjon for bruk i rettsprosessar.