Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:497 (2013-2014)
Innlevert: 05.03.2014
Sendt: 05.03.2014
Besvart: 13.03.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kva dekning har justisministeren for å hevde at trusselvurderinga PST la fram 04.03.14 er ei vidareutvikling av arbeidet med felles trusselvurdering frå 2013, og ikkje berre eit tilbaketog til same arbeid som er gjort dei siste ti åra?

Begrunnelse

På Aktuelt, NRK2, 04.03.14 sa justisministeren at

«Hvis Tajik hadde lest gjennom hele trusselvurderingen og fått med seg hele presentasjonen i dag så ser hun at der er også etterretningsbildet inne.»

Eg kan glede justisministeren med at eg har lese ikkje berre trusselvurderinga til PST av 2014, men alle trusselvurderingane frå PST dei siste ti åra. I alle desse er den einaste referansen til etterretningsarbeid den faren utanlandske etterretningsagentar kan utgjere på norsk jord. Med andre ord er innretninga på PST sin trusselvurdering for 2014 ikkje ny, ikkje vidareutvikla, ikkje meir samordna, men ei vidareføring av ein ti år gamal praksis. PST sjølv påpeikar i dokumentet som utgjer trusselvurderinga at dette er deira «årlige trusselvurdering» og at den gjeld «innenfor PSTs hovedansvarområde». Det er ingen referansar til E-tenesta eller NSM. Stortinget slutta seg i handsaminga av Meld. St. 21 (20012-13), Terrorberedskap, til at det i framtida skulle leggas fram ei samordna trusselvurdering frå dei nasjonale tenestene, og at dette skulle vidareutviklas.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Både offentlege organ og private verksemder og personer treng kunnskap om truslar, risiko og sårbarheiter i samfunnet, slik at dei kan utvikle planverk og gjennomføre førebyggjande tiltak for å vere mindre utsett for uønskte hendingar, og for å betre handsaminga av hendingar på eige område. Fram til og med 2012 utarbeidde PST, E-tenesta og NSM kvar si årlege vurdering til ope bruk. Med grunnlag i dei einskilde tenestene sine ansvarsområde har PST si vurdering hatt eit nasjonalt perspektiv, og lagt vekt på trugsmål på samfunnstryggleiksområdet. E-tenesta har hatt eit internasjonalt perspektiv, og pekt på internasjonale utviklingstrekk som direkte og indirekte kan ha betyding for Norge si tryggleik og for norske interesser i utlandet. NSM har utarbeidd rapporter om sikkerhetstilstanden og sårbarheter som er avdekka. Både metode og perspektiv i dei tre tenestene sine vurderingar har vore ulike.
I 2013 ble det laget en felles vurdering, «Truslar og sårbarheter», som bygde på informasjon og vurderingar frå de tre tenestene. Intensjonen var «… å gi private og offentlige aktører og virksomheter best mulig koordinert informasjon om trusselvurderinger, slik at de kan forebygge og eventuelt håndtere trusselsituasjoner.» Sitatet kjem frå Meld.St.21 (2012-2013) – Terrorberedskap i pkt. 6.7.3, slik representanten viser til. I den same melding framkjem i pkt. 10.5 at den samordna vurderinga skal vidareutviklas i 2014. Stortinget slutta seg til dette.
Eg har vurdert nytta av ei felles skriftleg vurdering frå dei tre tenestene, slik det vart gjort i 2013. Eit felles produkt kan ikkje fullt ut dekke dei einskilde tenestene sine mål med informasjon og vurderingar, fordi perspektiv og metode som nemnt er ulike. Alle dei tre tenestene ga ut kvar si opne vurdering i 2013 i tillegg til den felles vurderinga. Omsynet til å gje landet ei samordna vurdering som grunnlag for eigne vurderingar og tiltak vart difor ikkje nådd. Det framkom også at eit felles produkt skapte meir forvirring enn samordning, og at produktet vart så generelt at det ikkje klargjorde det totale biletet for brukarane.
Eg har av desse grunnar valt å vidareutvikle den samordna vurderinga i form av at tenestene i 2014 presenterer kvar si opne vurdering, men slik at det einskilde produktet i større grad enn tidligare byggjer på felles informasjonstilfang og vurderingar som tenestene har utveksla i løpet av året. Årets vurdering frå PST bygger på et tettare analysesamarbeid mellom tenestene enn tidligare. Dette er mellom anna eit resultat av at PST og E-tenesta har etablert eit felles kontraterrorsenter, og av det nære samarbeidet mellom NSM og PST særleg når det gjeld IKT-hendingar. Det gode samarbeidet mellom tenestene har gjort det mulig å utvikle trusselvurderingane, slik at vi i dag har komme mange skritt vidare frå der vi var tidlegare. Eg vonar at årets vurderingar frå dei tre tenestene både samla og kvar for seg vil skape større klårskap både for offentlege organ og private verksemder og enkeltpersonar. Dersom tenestene eller dei sentrale brukarane ønskjer det vil eg gjera ein ny vurdering av samordninga av trusselvurderingane før utforminga for 2015.
PSTs Nasjonale Trusselvurdering (NTV) byggjer på ei rekke ulike kjelder. Oppdraget frå regjeringa har vært at PSTs NTV 2014 skal ta opp i seg relevante vurderingar frå E-tenesta og NSM, og gje et heilskapleg bilde av truslane mot samfunnssikkerheten i eit nasjonalt perspektiv. Eg meiner at PSTs vurdering gjer nettopp det, og gjer eit einskapleg og heilskapleg bilde av det nasjonale trusselbildet.