Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til barne-, likestillings- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:548 (2013-2014)
Innlevert: 18.03.2014
Sendt: 19.03.2014
Besvart: 26.03.2014 av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Er det akseptabelt for statsråden at Sogn og Fjordane fylke no står i fare for å miste sitt einaste barn- og familiesenter?

Begrunnelse

Det statlege barnevernet på Vestlandet, Bufetat region vest, la onsdag 12. mars fram forslag om å legge ned Sogn og Fjordane barn- og familiesenter i Førde og sentralisere tilbodet til Bergen. I følgje avisa Firda skal saka opp på eit møte allereie 19. mars, utan at lokalsamfunnet har blitt konsultert på førehand. Fleire lokale folkevalde, mellom anna ordføraren i Førde, har reagert kraftig på prosessen rundt nedlegginga.

Barn- og familiesentra er viktige tilbod til ei svært sårbar gruppe, og det bør etter underteikna sitt syn leggjast stor vekt på at slike tilbod skal finnast i rimeleg reiseavstand til der folk bur. Det er vanskeleg å sjå at ei sentralisering til Bergen, noko som for folk i Sogn og Fjordane vil kunne medføre ei reisetid på opp mot seks timar, vil medføre eit betre tilbod.

Slik underteikna vurderer det, går også denne saka inn i eit større bilete der statlege etatar, med kvar si regionale inndeling og organisering, set i gong sentraliseringsprosessar utan folkevald forankring eller styring. Minst av alt frå lokale folkevalde. Dette bør vere ein tankevekkar for regjeringa, og ei viktig påminning om behovet for betre samordning mellom ulike folkevaldnivå og oppgåveløysing i samband med den varsla kommunereforma.

Solveig Horne (FrP)

Svar

Solveig Horne: Stortinget har slutta seg til forslaga i Prop. 106 L (2012-2013). Ein konsekvens av dette er at Bufdir nå utviklar dei lovpålagte oppgåvene og at dei oppgåvene som ikkje er lovpålagte blir tilbydd eller finansiert i den grad dei følgjer av instruks eller tildelingsbrev.

Bufdir omstiller sitt tilbod for å nå måla i Prop. 106 L (2012-2013). Ei effektiv ressursutnytting kan i nokre tilfelle bety at tilbod må sentraliserast og relokaliserast. For eksempel føreset utviklinga av eit godt tilbod til dei minste barna eit samarbeid med mange ulike spesialiserte fagmiljø som ein ikkje så lett finn i dei mindre kommunane. Gjennom tildelingsbrevet for 2014 har Bufetat fått tydelege signal om å samarbeide med kommunane i si omstilling av tilbodet. Dette har blitt gjort av etaten.

Opphald i senter for foreldre og barn er eit hjelpetiltak i barnevernet og ikkje eit lovpålagt tiltak som staten skal tilby. Bufetat sitt ansvar er å bistå kommunane med å fordele dei eksisterande plassane i senter for foreldre og barn. Bufetat skal som hovudregel dekke den delen av kommunen sine utgifter som er større enn ei fastsett eigenbetaling.

Eit godt tilbod til dei minste barna og deira familiar er viktig for å kunne gje tidleg hjelp og førebygge seinare problem. Bufdir har utgreia korleis det faglege innhaldet i eit slik tilbod bør vere. Eg har no bedt Bufdir vurdere dei økonomiske, administrative og juridiske konsekvensane av vurderingane som er gjort i utgreiinga.

Før dei venta tilrådingane frå direktoratet kjem, er eg oppteken av at det tilbodet vi har i dag ikkje blir omstilt for fort. Eg er også uroa over om alle kommunane sjølv klarar å gje eit like godt tilbod som det mange senter gjev i dag. Eg har derfor bedt etaten stoppe omstillinga av tilbodet inntil vidare. Det inneber at Region vest ikkje går vidare med å legge ned dagens tilbod til denne gruppa i Sogn og Fjordane.