Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:602 (2013-2014)
Innlevert: 27.03.2014
Sendt: 27.03.2014
Besvart: 01.04.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): På NRK Brennpunkt kunne ein 25 mars d.å. sjå dokumentasjon på fiskejuks, der det kom fram at 40 % av aktørane sa dei hadde opplevd juks. Fiskeriministeren har uttrykt at dette er nedslåande og sørgelig. Noko ein lett kan vera samd i. Det ligg eit framlegg om ny landingsforskrift, der det er ytterligare krav til vekt og veging og kontroll av sedlar.
Kva har fiskeriministeren tenkt å gjera med ny landingsforskrift og kor tid vil dette skje og vil det komme eventuelle andre tiltak?

Begrunnelse

På NRK Brennpunkt 25. mars gjekk det ein dokumentar på utbredt fiskejuks. Ved universitetet i Tromsø føreligg det også ein rapport som dokumenterar at 40 % av dei som var med i undersøkinga hadde opplevd juks. I Brennpunkt vart det også vist til at Island hadde betre kontroll, bl.a. avdi det var ei heilt anna openheit og det var også tilsett vektarar som stod for innveginga. Det er sannsynleg at statlege vektarar ville hatt effekt, men det vil i så fall slå hardt ut på antall mottaksstasjonar rundt om i landet, noko som underteikna finn å være dårlig fiskeri og distriktspolitikk. Regjeringa Solberg reduserte også bevilginga til Fiskeridirektoratet i sitt første budsjett. Dette er kompliserte kontroller og med redusert bevilgning til Fiskeridirektoratet er det grunn til å bekymre seg over om nye kontrollører sin kompetanse og kvalitet er nedprioritert. Forslag til ny landingsforskrift har vore på høyring. Ved ei innføring av denne vil det gje bla ytterlegare krav til vekt og veging og ogå kontroll av sluttseddel. Spørsmålet går på framtidige tiltak for å bekjempe fiskekriminalitet og om ministeren vil sørge for at ny landingsforskrift kjem på plass og i tilfelle når dette kan skje, og også om det er andre tiltak ein vil vurdere for å komme problemstillinga til livs.

Elisabeth Vik Aspaker (H)

Svar

Elisabeth Vik Aspaker: All hausting av marine ressursar skal vere berekraftig. Dette er fellesskapet sine ressursar, og dei skal forvaltast til det beste for samfunnet. Brot på regelverk, landingsforskrifta inkludert, er ikkje akseptabelt. I tillegg til at det er miljøkriminalitet som kan skade Noreg sitt internasjonale omdøme, er det til skade for konkurransen dersom spelereglane ikkje vert følgde.
For ordens skuld vil eg først orientere om det som ligg til grunn for arbeidet med ny landingsforskrift, deretter vil eg seie litt om tidsrammene og eventuelle andre tiltak.
Formålet med den eksisterande forskrifta er å sikre opplysningar som er naudsynte for å sikre ei berekraftig forvaltning av dei levande marine ressursane gjennom ressurskontroll, kvotekontroll og ein optimal fiskeristatistikk. På det viset er forskrifta ein nyttig reiskap for å motverke brot på fiskerilovgjevinga.
Etter ei vurdering blei det beslutta at ein burde sjå på landingsforskrifta på nytt. Statistikk og informasjon frå kontrollarbeidet til Fiskeridirektoratet viste at det fortsatt er utfordringar, og at det vil vere nytting å styrke forskrifta slik at ho blir meir dekkande og målretta. Det blei derfor beslutta å revidere forskrifta.
I arbeidet med å revidere forskrifta har det vore gjennomført ein grundig og god prosess der næringa har vore involvert både gjennom høyring og arbeidsmøte. Næringa har også vore invitert til å kome med ytterlegare innspel.
Undervegs har det vore lagt spesielt vekt på å justere to område som er vesentlege for å sikre eit korrekt oversyn over uttaket av ressursar; krav til vekter og veging, samt ei utvida plikt til å oppgje landings- og omsetnadsopplysningar for både fiskarar og fiskemottak. Desse to felta er sentrale når ein skal berekne korrekt uttak av ressursar frå havet, og er berebjelkar i ein god ressursrekneskap.
I tillegg til å sikre ei berekraftig forvalting av fiskeriressursane er det vår oppgåve å sikre ei samfunnsøkonomisk lønsam sjømatnæring. Vi skal medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Dette er noko av bakgrunnen for at revisjonsarbeidet ikkje er sluttført. Det er viktig å sjå på dei kostnadmessige konsekvensane, slik at vi sikrar at forskrifta gir reelle forbetringar for kontroll av næringa samtidig som vi ikkje påfører næringa uforhaldsmessige store ekstra kostnader. Omsynet til kontroll vil likevel vere heilt sentralt for meg.
I tillegg til revisjon av landingsforskrifta arbeider departementet på mange andre felt for både å avsløre og forebygge fiskerikriminalitet. Departementet har styrka kompetansen og kapasiteten sin på analysearbeid i 2014, og det er eit tett samarbeid med andre etatar som Tolletaten, Skatteetaten, Politiet, Kystvakten, Mattilsynet, Arbeidstilsynet og salgslaga.
Eit anna felt som er viktig å arbeide med framover er det haldningsskapande arbeidet. Gode haldningar blir skapt gjennom dialog med aktørane i næringa, og det er viktig at ein held dette ved like slik at næringa forstår kvifor det er så viktig å vege fangstane rett og registrere rett mengde. Dette er eit arbeid som ikkje departementet kan klare åleine, men der vi ventar å få hjelp frå næringa sine organisasjonar. Vi kan ikkje kontrollere meir enn 200 000 landingar av fangst i året, heller ikkje vere alle plasser heile tida, så aktørane i næringa må ta ansvar sjølve.
Eg vil så raskt som mogleg invitere næringsorganisasjonane til et møte der vi kan diskutere heile sakskomplekset, og korleis dei kan bidra. Eg vil seie klart til organisasjonane at dei må bli meir aktive og bidra til det haldningsskapande arbeidet, og vil gjere det heilt klart at kriminalitet ikkje kan aksepterast i noka form.