Kjersti Toppe (Sp): Stiftelsen Albatrossen Ettervernsenter er eit heilskapleg høgterskeltilbod (rusfritt) innan ettervern for tidlegare rusmiddelavhengige i Bergen Kommune. Albatrossen har motteke driftsstøtte frå Helsedirektoratet sidan 2004, og fekk for 2013 tildelt eit driftstilskot på kr 750 000 til etterverntiltak over kap. 763.71 over statsbudsjettet. Helsedirektoratet har gitt avslag på søknad om driftstøtte for 2014. Regjeringa har sagt at rusfeltet skal styrkast.
Vil statsråden sikre at Albatrossen får statleg støtte for 2014?
Begrunnelse
Helsedirektoratet grunngjev avslaget med at prosjektet/aktiviteten vurderast å vere utanfor formålet med ordninga. Albatrossen har sendt inn klage på vedtaket om avslag på søknad. Det blir i klagen påpeika at utdeling av LAR og den helsemessige delen utgjer relativ liten del av ettervernstilbodet. Det vil få store konsekvensar for Albatrossen Ettervernsenter om dei misser statleg støtte. Dette vil føre til nedbygging av ettervernstilbodet, og blir oppfatta som ein klar motseiing av det Regjeringa lovar i den politiske plattforma (om å skape større rom for private, lokale og frivillige initiativ og å sikre ettervern frå fyrste dag.)