Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:699 (2013-2014)
Innlevert: 24.04.2014
Sendt: 25.04.2014
Besvart: 02.05.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Eg viser til oppslag i Dagsavisen 24.april, om at Nav skal byrje å setje karakterar på mellomleiarane sine.
Er dette noko statsråden sjølv har oppmoda Nav til å gjere, meiner han det er eit godt verkemiddel, og meiner han det er eit døme på godt leiarskap å innføre slik karaktersetjing utan å drøfte det med dei tillitsvalde?

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Det er Arbeids- og velferdsdirektoratet som leiar Arbeids- og velferds etaten si verksemd, og det er arbeids- og velferdsdirektøren som har ansvar for den daglege leiinga av direktoratet, og også etaten sin personalpolitikk. Dette er stadfesta i lov om arbeids- og velferdsforvaltninga.
Departementet har på bakgrunn av dette heller ikkje teke noko særskilt initiativ på dette området, men eg vil på genereJt grunnlag understreke kor viktig det er med god leiing og at det er stor merksemd om utvikling av leiarskap i etaten. Eg ynskjer difor ikkje å seie noko om korleis Arbeids- og velferdsetaten konkret legg opp si interne leiarutvikling.
Det er også arbeids- og velferdsdirektøren sitt ansvar å involvere tillitsvaide i Arbeids- og velferdsetaten på eigna måte. Eg legg til grunn at dette skjer også i denne saka.