Liv Signe Navarsete (Sp): Amnesty International skildrar situasjonen i Tibet som særs anspent dei siste åra, og der kinesiske styresmakter har stått for ei gradvis opptrapping av undertrykkinga.
Korleis vurderar regjeringa utviklinga i høve menneskerettar i Kina, og tilhøva for den tibetanske befolkninga?
Begrunnelse
Amnesty International skildrar ei særs alvorleg utvikling i Tibet, kor det kinesiske militæret vil ha jernkontroll over heile området. Alle teikn til kritikk vert slått hardt ned på. Amnesty fortel om døme kor militæret skyt og drep tibetanske demontrantar som protesterer mot den aukande undertrykkinga, om riving av kloster, om tortur av tibetanarar i kinesiske fengsel og om straffearbeidsleirar. Sidan 2009 har over 120 tibetanarar i fylgje Amnesty gått til eit så ekstremt skritt som å sette fyr på seg sjølv i protest mot dei kinesiske styresmaktene si kulturelle og politiske undertrykking. Fleire tibetanarar vel heller å døy framfor å verte fengsla av kinesarane. Dei få som slepp ut av arrest i live, fortel om brutal tortur. Amnesty hevdar at situasjonen i Tibet vert gradvis verre.