Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til statsministeren

Dokument nr. 15:897 (2013-2014)
Innlevert: 04.06.2014
Sendt: 05.06.2014
Rette vedkommende: Justis- og beredskapsministeren
Besvart: 19.06.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kva nye tiltak har statsministeren tenkt å setje i verk i nær framtid for å få betre utstyr, trening og fraktekapasitet i politiet, samt i forsvaret, og som ikkje vart sett i gang av førre regjering?

Begrunnelse

På TV2 i går vart det meldt at statsministeren på vitjing under 'Øvelse Gemini' garanterer betre helikopter mot terror. Ho er sitert på at "Vi kommer til å ruste opp både forsvaret og politiet i årene framover". På spørsmål frå journalisten om korleis ho vil gjere det, svarer statsministeren at: "Nei, det dreier seg både om utstyr, det dreier seg om trening og det dreier seg om bedre fraktekapasitet som helikoptre".

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Representanten Tajik er truleg kjent med at det på ulike nivå vert gjennomført ei rekke tiltak for å betre politiet sitt utstyr, trening og fraktekapasitet.
Den førre regjeringa starta nokre tiltak, men var kome særs kort når den nye regjeringa starta sitt arbeid.
Stoltenberg II-regjeringa godtok at Forsvaret med sin 2-timar beredskap skulle vere hovudtransportstøtte til bistandsressursane. Eg meiner ein ikkje kan godta så lang reaksjonstid, og har sett i gang fleire tiltak for å betre denne. Ei utfordring med dette arbeidet er likevel at det tek noko tid før ein snøggare reaksjonstid kan iverksettast.
Denne regjeringa føreslo også ei tilleggsløyving i statsbudsjettet , som er 100 millioner kroner høgare enn Stoltenberg II sitt framlegg. Bemanning og utstyr inngår i dette beløpet.
Regjeringa arbeider med å følgje opp politianalysa, der fleire relevante forhold som utstyr og transport vert handsama. I tillegg kjem ei rekke større og mindre tiltak, som vil gjere politiet betre rusta til å løyse sine oppdrag enn dei var under den førre regjeringa.