Jenny Klinge (Sp): Statssekretær i SD, Jon Georg Dale, deltok på møte om E39 i Ålesund 5. juni 2014. Han vart spurt om planleggingsmidlane frå regjeringa kjem til å koma raskt nok og vera tilstrekkeleg store for at ambisjonen om ferjefri E39 innan 20 år kan oppfyllast. Dale svarte eit klårt ja på spørsmålet.
Kan statsråden stadfeste at han arbeider ut i frå same ambisjon som den raud-grøne regjeringa om ferjefri E39 på 20 år, og at planleggingsmidlane i tråd med det statssekretæren sa kjem tidsnok til å halde god framdrift?
Begrunnelse
For Vestlandet og for verdiskapinga nasjonalt er det viktig å få gjennomført ferjeavløysingsprosjekt langs E39 for å binde regionane betre saman. Den raud-grøne regjeringa presenterte våren 2013 ein klår ambisjon om at E39, kyststamvegen, skal vera ferjefri i løpet av 20 år. Samferdselsminister Ketil Solvik Olsen og den blå-blå regjeringa har så vidt underteikna kjenner til ikkje uttrykt same ambisjon. Mange av dei som arbeider for at desse ferjeavløysingsprosjekta langs Vestlandet skal bli gjennomførte, er spente på korleis den nye regjeringa forheld seg til målet om at prosjekta skal vera ferdige i løpet av dei førespegla 20 åra.
Hareid Fastlandssamband, Møreaksen, Halsafjordsambandet, NHO, LO og Maritimt Forum Nordvest inviterte til eit ope møte den 2. juni 2014 om betydninga av infrastruktur for utviklinga av Møre og Romsdal. Statssekretær i SD, Jon Georg Dale, var ein av innleiarane. Hovudtemaet var ferjefri E39. Statssekretæren svarte eit enkelt og klårt ja på eit direkte spørsmål om planleggingsmidlar frå staten til desse prosjekta kjem til å koma til rett tid og vera tilstrekkelege for at ambisjonen om 20 år skal oppfyllast.
Ein viktig del av midlane i planleggingsfasen vil også vera FOU-midlar. Det vil vera viktig for alle som arbeider for ferjefri E39 å vita om statssekretæren uttalte regjeringas haldning når han svarte på dette spørsmålet, og å få vita kva statsråden ser for seg av framdrift for ferjefri E39.