Kjersti Toppe (Sp): Kva tiltak vil regjeringa iverksette for å hindre tendensen til økonomisk diagnosesetting på pasientar, og vil regjeringa stoppe den utviklinga ein no ser i helseføretaka med bruk av ikkje-medisinske kodekonsulentar ved norske sjukehus?
Begrunnelse
Vårt Land avslørte i sommar at det er store variasjonar i sjukehusa sin diagnosepraksis for nyfødde born. Haukeland Universitetssjukehus oppga at 60 prosent av dei nyfødde ved sjukehuset i fjor hadde problem med næringsinntaket. Ved Oslo Universitetssykehus (OUS) hadde til samanlikning 0,5 prosent av borna same diagnosen. Dersom Haukeland Universitetssjukehus hadde diagnostisert borna som ved OUS, hadde dei fått 20 millionar mindre frå staten.
Kontrollorganet Avrekningsutvalet sin gjennomgang førte i 2012 til at refusjonar for 71,6 millionar kroner blei holdt igjen til norske sjukehus. Avrekningsutvalet har også nyleg peikt på fleire tilfelle med store variasjonar i diagnosesetting mellom sjukehusa. Truleg er det ein tendens nokre stader til å setje diagnosen respirasjonssvikt eller sepsis på pasientar som har lungebetennelse, kun av økonomiske grunnar. Likeeins synes nokre sjukehus ivrige på å gi skadde pasientar diagnosen "multitraume", fordi dette gir god betaling. Sjukehusa får betalt for kvar diagnose. Ved fleire sjukdomar og dermed diagnosar på same pasient, blir det viktig for sjukehusa at den hovediagnose blir valgt, som gir mest uttelling økonomisk.
Helseføretaka anset derfor eigne kodekonsulentar ,som er ikkje-medisinsk personell som blir kursa i diagnosekodar. I følge Klassekampen 20.04.14 er det no 600 kodekonsulentar ved norske sjukehus, og det blir i følgje Bente Nessan, styreleiar i DRG- forum, stadig fleire. Det er stadig kurstilbud om diagnosekodekurs for ikkje-medisinsk personell, som helseføretaka nyttar seg av.
Ifølgje ein SINTEF-rapport der norske legar blir spurt om effekten av ISF- finansiering, seier 70 prosent av dei spurte legane at systemet bidrog til å tenke på kva som var best for sjukehuset sin økonomi - ikkje for pasientane.
Spørsmålsstillar er bekymra for at kodekonsulentar, som skal kunne overprøve eller i alle fall påverke bruken av dei medisinske, kliniske diagnosane, vil forsterke denne tendensen til økonomisk diagnosesetting. Dette er ein uønskt effekt. Ein diagnose er ei medisinsk avgjerd, og ikkje ei økonomisk avgjerd. Spørsmålet er om helseministeren er einig i det, og dermed vil setje i verk tiltak som stoppar utviklinga med auka press på økonomisk diagnosesetting og tilsetjing av kodekonsulentar ved norske sjukehus.