Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1132 (2013-2014) Innlevert: 22.08.2014 Sendt: 22.08.2014 Besvart: 27.08.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson
Fredric Holen Bjørdal (A): Statsråden hadde på høyring, med frist 4. august, eit framlegg om forskriftsendring om meir anbod og konkurranse i arbeidsmarknadstiltak innafor avklarings- og oppfølgingsområdet. Samstundes ligg det til handsaming i Stortinget eit representantforslag (76 S) om å stoppe auka kommersialisering av arbeidsretta tiltak.Planlegger statsråden å gjennomføre forskriftsendringa utan å vite om han har fleirtal i Stortinget for å endre politikken på dette viktige området?
Robert Eriksson: Etter arbeidsmarkedslova har departementet fullmakt til å gje reglar om arbeidsmarknadstiltak, om formål, innhald, personkrets og organisering. Eg går no gjennom høyringssvara. Etter gjennomgangen vil eg konkludere når det gjeld utfallet av høyringa og den vidare prosessen. Eg vil og seinare svare på eit representantforslag (76 S). Seinare i haust vil eg leggje fram ei stortingsmelding om arbeidsmarknadspolitikken.