Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:152 (2014-2015)
Innlevert: 31.10.2014
Sendt: 31.10.2014
Besvart: 11.11.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Er statsråden samd med sin kollega Wiborg, nestleiar i arbeids- og sosialkomiteen, i at korttidsfråveret i Noreg skuldast at folk er fyllesjuke, og at det difor må innførast karensdagar?

Begrunnelse

Frp-representant Erlend Wiborg sin uttale til VG 31. oktober.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Regjeringa vil jobbe saman med partane i arbeidslivet for å få ned sjukefråværet. Regjeringa har i sin politiske plattform signalisert at dagens sjukelønsordning skal vidareførast. Regjeringa legg vekt på eit godt IA-samarbeid for å oppnå felles mål om eit meir inkluderande arbeidsliv. Regjeringa har ikkje planar om å foreslå å innføre karensdagar. Dette ville uansett vore ei grunnleggjande endring i dagens sjukelønsordning, som i tråd med IA-avtalen nødvendigvis ville ha vorte drøfta med partane i arbeidslivet.
Det finst lite kunnskap om årsakene til korttidsfråvær. Mykje av korttidssjukefråværet skuldast truleg forkjøling og influensa. Det er ikkje grunnlag for å anslå kor mykje som kan knytast til fyllesjuke. Eg har tillit til at arbeidstakarane i norske bedrifter ikkje misbruker eigenmelding. Norske arbeidstakarar er i gjennomsnitt vekke frå jobb med eigenmelding i mindre enn 3 dagar kvart år. I leitinga etter tiltak er det mest føremålstenleg å retta fokus mot langtidssjukefråværet, som ofte fører til tilbaketrekking frå arbeidslivet.