Liv Signe Navarsete (Sp): Vil kommunal- og moderniseringsministeren syte for at fylkesmennene i all informasjon til kommunane om kommunereforma presiserer at dei står fritt i om dei vil utgreie strukturendringar, kva dei vil utgreie, om dei vil halde folkerøystingar og kva vedtak dei vil gjere til kva tid i prosessen som no pågår?
Begrunnelse
På KS sin haustkonferanse i Sogn og Fjordane kom det opp frustrasjon over prosessen kring regjeringa si kommunereform. Mange kjenner seg pressa inn i eit hasteprega utgreiingsarbeid dei sjølve ikkje har initiert, og med knapp tidsfrist. Det vert frå regjeringa sin sendemann, fylkesmannen, framstilt som om det er pålagt frå Stortinget. Dette er også problematisert i fleire fylke, der fylkesmannen er enno meir offensiv enn i Sogn og Fjordane.
Stortinget styrer kommunane gjennom lov og budsjettvedtak, ikkje gjennom merknader i Stortinget sjølv om det er fleirtal bak desse. Men kommunane vert fortalde at dei har eit utgreiingsansvar eller utgreiingsplikt.