Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:181 (2014-2015)
Innlevert: 06.11.2014
Sendt: 06.11.2014
Besvart: 14.11.2014 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Drøftingar kring kommunestruktur har stor offentleg interesse.
Meiner statsråden at det må vera openheit kring drøftingar mellom kommunar om samanslåing, og kva vil han gjera for å sikra dette?

Begrunnelse

I avisa Strandbuen på nett kan ein 30.10.14 lesa at drøftingane mellom kommunane Hjelmeland, Strand og Forsand skjer for lukka dører. Det er møte der ordførarar, varaordførarar, rådmenn og nokre politikare frå opposisjonen deltek. Ordførar Danielsen (H) i Hjelmeland seier:

"– Det er ikkje lett å unngå at me snakkar om sensitive tema på slike møte. Det er uheldig om pressa er til stades og dreg enkeltsetningar ut av sin samanheng og bles dei opp i avisa. Det er viktig å kunne snakka fritt."

Ordførar Guse (KrF) i Forsand seier:

"- Forhandlingane blir jo ikkje ferdige frå gong til gong, og viss det då kjem i avisa kva som blir sagt på eit møte, kan diskusjonane ute blant folk bli på heilt feil grunnlag."

Ut frå prinsippa som gjeld for offentlegheit i Noreg skal det sterke grunnar til for å halde møter for lukka dører. Det gjeld særleg i saker som har stor offentleg interesse.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Openheit og innbyggjaranes medverknad og deltaking er viktige prinsipp for all kommunal verksemd. Eg er samd med representant Pollestad at dette er særleg viktige prinsipp når det gjeld spørsmålet om kommunesamanslåing, og kommunane bør gjennomføre ein open og tillitsvekkande prosess.

Kommunelova har i kapittel 6 klare føresegner om sakshandsaminga i folkevalde organ, og fastset som hovudregel at saker skal handsamast i opne møter, jf. § 30 nr.1 og § 31 nr. 1. Føresegnene gjeld også når ordførarar og andre sentrale politikarar i fleire kommunar har eit felles møte dersom det kan kallast eit møte i eit folkevald organ. Når politikarar drøftar spørsmålet om samanslåing, skal ålmenta og pressa i utgangspunktet kunne vere til stades utan at møtet blir lukka.

Skal eit møte av denne typen kunne haldast for lukka dører, kan det fyrst gjerast når einskilde vilkår er oppfylt. Lukking kan til dømes skje av omsyn til å verne ”tungtveiende offentlige interesser” når det i tillegg ”vil komme fram opplysninger i møtet som kunne ha vært unntatt offentlig innsyn etter lov 19. mai 2006 nr. 16 (offentleglova) dersom de hadde stått i et dokument”, jf. kommunelova § 31 nr. 5.

Eg føreset at kommunane følgjar dette regelverket også når dei skal drøfte samanslåing og tek vare på omsynet til openheit.