Kjersti Toppe (Sp): Fleire innsette med psykiske lidingar burde vore behandla på psykiatrisk institusjon, meiner Kriminalomsorga region vest. (BT 24/11-14). Dei ønskjer seg psykiatrisk klinikk ved Bergen fengsel, i tillegg til eit ambulerande helseteam som kan drive miljøterapi i fengslet i forkant av ein innleggelse, og etter utskriving frå sjukehuset.
Vil helse- og omsorgsministeren vurdere desse forslaga, og kva vil helse- og omsorgsmininsteren gjere for å styrke tilbodet til innsette med psykiske lidingar?
Begrunnelse
Viser til svar på spørsmål nr. 15:256 ( 2014-2015) der statsråd Anundsen skriv følgande:
"Jeg har en løpende dialog med helse- og omsorgsministeren om helsetilbudet de innsatte i fengsel mottar. Vi vurderer fortløpende hvordan dette skal følges opp."