Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:402 (2014-2015)
Innlevert: 18.12.2014
Sendt: 19.12.2014
Besvart: 05.01.2015 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Tveteråsutvalet har denne veka levert si innstiling i NOU 2014:16 om sjømatindustrien sine rammevilkår. Statsråden har varsla at rapporten vil bli underlagt ei heilskapleg vurdering i form av ei melding til Stortinget. Samstundes har departementet fleire framlegg til handsaming ute på høyring. Desse vil og påvirke lønsemda på forskjellige nivå i verdikjeda.
Vil ministeren avvente den vidare handsaminga av dei ulike forslaga slik at alt kan sjåast i samanheng i den varsla Stortingsmeldinga om sjømatindustrien?

Begrunnelse

Vi ser det som viktig å få ei heilskapleg handsaming av alle sider som påverkar sjømatindustrien. Tveteråsutvalet har lagt fram ein NOU som omhandlar heile verdikjeda. Samstundes har departementet hatt fleire framlegg ute på høyring, til dømes knytt til auka basistonn i ringnotflåten, strukturering og skilje mellom båt og kvote. I tillegg er saker som framlegget om vekst innan havbruk på høyring no, og fleire saker er varsla. For at Stortinget skal få ei best mogeleg heilskapleg handsaming bør alle desse sakene handsamast saman med NOUen. Statsråden bør difor fryse vidare handsaming og effektuering av dei ulike sakene som omhandler deler av verdikjeda, og inkludere desse i den varsla stortingsmeldinga.

Elisabeth Vik Aspaker (H)

Svar

Elisabeth Vik Aspaker: Det er brei semje om å arbeide for å betre lønsemnda i sjømatindustrien. Eg ser det difor som avgjerande at vi klarer å samle oss om tiltak som står seg over tid og sikrar gode og stabile rammevilkår for næringa. NOU-rapporten er no sendt på fire månaders høyring, og eg vil høyre flest mogeleg stemmer i denne prosessen. Eg er oppteken av at vi må ha eit heilskapleg perspektiv og se på tiltak og effektar gjennom heile verdikjeda når vi handsamar analysen og framlegga i utvalet sin rapport.

Det vil imidlertid alltid vere slik at ein i eit samfunn har ulike prosessar som pågår og som kan gripe inn i kvarandre. Eg meiner at vi ikkje kan sette heile fiskeriområdet på vent i halvtanna år i påvente av ei melding. Arbeidet med å forenkle, fornye og forbetre rammevilkåra for næringa må fortsette sjølv om det skal leggjast fram ei stortingsmelding ved neste årsskifte. Saker som er modne for å bli handsama tidlegare vil verte handsama, men vi vil her gjere ei heilskapleg vurdering i det einskilde tilfelle.