Liv Signe Navarsete (Sp): Vil statsråden sikre Noreg sin vidare rett til å marknadsføre trygg norsk mat gjennom merkeordninga Nyt Noreg, trass ESA si tolking av EU sitt konkurranselovverk?
Begrunnelse
Nationen omtalar 23. januar saka der EFTAs overvakingsorgan ESA, før jul sendte eit brev til landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) med beskjed om at matmerket Nyt Norge kan vere i strid med EØS-avtalen.
I brevet viser ESA mellom anna til avtalens paragraf 11 som seier at «kvantitative importrestriksjonar og alle tiltak med tilsvarande merking skal være forbode mellom avtalepartane» og refererer samstundes to dommar frå EU-domstolen som slår fast at det er ulovlig å fremme omsetning av innanlandske varer dersom reklamen er basert på offentlige midlar.
Merkeordninga Nyt Noreg mottar i år 5 millionar kroner i støtte frå Landbruks- og matdepartementet. Det er ironisk at ESA meiner Noreg ikkje skal ha lov til å marknadsføre norske matprodukt, når EU sjølv nylig lanserte matmerket «Enjoy Europe» der målet er å styrke EU-landbrukets konkurransekraft frå 61 millionar euro i 2013 til 200 millionar euro i 2020.