Skriftlig spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til barne-, likestillings- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:569 (2014-2015)
Innlevert: 09.02.2015
Sendt: 09.02.2015
Besvart: 16.02.2015 av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Kan statsråden gje ei oversikt for åra 1994-2014 over nasjonal og fylkesvis utvikling av saker i barnevernet som gjeld omsorgsovertaking (alle typar) og tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar der oversikta òg viser kor stor del av sakene som gjeld utanlandskfødde barn og barn av innvandrarar, i tillegg til ei oversikt over utgifter til og tilsette i barnevernet i same periode samla sett og fordelt på det kommunale barnevernet og den statlege delen samanlikna med samla statleg og kommunal utgiftsvekst?

Solveig Horne (FrP)

Svar

Solveig Horne: Slik eg forstår spørsmålet ditt er det stort sett fakta og tal du ønskjer. For å kunne gje ei god oversikt vert det du etterspør hovudsakeleg presentert som vedlegg i form av tabellar. Det er eit tett samspel mellom statlege og kommunale aktørar på barnevernsområdet, og vi har berre for nokre av sakene du ber om hatt tilgang på tall for heile perioden 1994 – 2014.
Tal og fakta er hovudsakeleg henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Vi har og innhenta nokre tal frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) for det statlege barnevernet.
Tabell 1 gjer ei oversikt over talet på barn i omsorgstiltak (Barnevernloven § 4-12) ved utgangen av året, i perioden 1994-2014. Tala er henta frå barnevernsstatistikken på SSB sine heimesider, og er berre tilgjengeleg til 2013. Frå 2013 er det gjort endringar i korleis det blir rapportert, og kva som blir rapportert frå kommunane til SSB. I tillegg har ikkje alle kommunar rapportert for 2013. Dermed kan ikkje alle tal for 2013 samanliknast med tidlegare år.
Tabell 2 i vedlegget gjer ei oversikt over tal på barn med omsorgstiltak (Barnevernloven § 4-12) i løpet av året, også henta frå SSB. Her er berre tal frå 2003 til 2013 tilgjengeleg.
Tabell 3 i vedlegget gjer ei oversikt over talet på tvangsinngrep (barn med plassering og tilbakehald i institusjon (Barneloven § 4-24)) i løpet av året. Desse tala er basert på statistikk frå Bufetat. Oslo er ikkje med her sidan dei ikkje er brukar av Bufetats fagsystem. Trondheim er med i materialet frå 2008 då dei vart innlemma i det statlege barnevernet.
Det er lite data for saker som gjeld utenlandskfødde barn og barn av innvandrarar. SSB har presentert tal for 2009 (fotnote) , som viser at av 1 426 300 barn og unge i alderen 0-22 år var 11 % innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Av 46 487 barn/unge som tok imot tiltak frå barnevernet (3,3 %) var fordelinga slik:

- Utan innvandrarbakgrunn: 2,9 %
- Innvandrarbarn: 6,7 %
- Norskfødde med innvandrarforeldre: 5,1 %

Tabell 4 i vedlegget gjer ei oversikt over kommunane, med unntak av Oslo, sine utgifter til barnevern. Her er tal frå 2008 til 2013 tilgjengeleg. Oslo er framstilt i tabell 5, med tal frå 2005 til 2013. Kjelda er SSB og Bufdir.
Tabell 6 og 7 gjer ei oversikt over årsverk (2010-2014) i og utgifter (2010-2014) til statleg barnevern. Kjelda er Bufdir.
Tabell 8 viser utgiftsveksten samla sett, og fordelt på det kommunale og det statlege barnevernet.

Fotnote:

--------------------------------------------------------------

Det er venta at SSB legg fram oppdaterte data før sommaren.

Vedlegg til svar:

Lenke til vedlegget i pdf-format