Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:596 (2014-2015)
Innlevert: 12.02.2015
Sendt: 12.02.2015
Besvart: 23.02.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Er samferdselsministeren nøgd med det kvalitetssikringsarbeidet som blir gjort i samband med utviklinga av Nasjonale turistvegar, eller ønskjer statsråden å styrke kvalitetssikringa, og det ville vera interessant å høyre kva statsråden vil gjera for å sikre lokal medverknad til prosjekta, slik at dei aktuelle stoppestadene blir til i eit samarbeid med lokalmiljøet?

Begrunnelse

Statens vegvesen har ansvaret for å utvikle Nasjonale turistvegar som attraksjonar for dei reisande frå utland og innland. Senterpartiet støttar satsinga, og har merka seg at ei rekke av dei stoppestadene som er langs turistvegane, både er spektakulære og bruksvennlege. I mitt heimfylke Møre og Romsdal har eg likevel merka meg at det har oppstått diskusjonar om konkrete løysingar, noko som gir grunn til å spørje om kvalitetssikringa av dei enkelte prosjekta er god nok.
Konkret gjeld dette stoppestaden Eldhusøya på Atlanterhavsvegen. Her har ein brukt 50 millionar kroner på å bygge ein stoppestad som har nokre særs svake sider. Romsdals Budstikke skriv den 09.01 2015 at ein no har bestilt eit korrigeringsarbeid til 400 000 kronar som skal sikre ein gangveg ytterlegare. I fjor sommar vart ei 7-årig jente skadd då ho sette beinet fast i gangstien.
Det er vidare omdiskutert i lokalmiljøet kor god den arkitektoniske og planmessige løysinga er, og om ein her har tatt godt nok omsyn til eit sårbart kystmiljø.
I artikkelen frå Romsdals Budstikke fortel strekningsansvarleg Grete Kongshaug at ein også slit med el-forsyninga på staden – noko som det på same måte blir sett inn tiltak for å bøte på.
Eg har registrert at Statens Vegvesen, for å halde høg kvalitet i arbeidet med turistvegane, har nedsett eit kvalitetsråd. Vidare forstår eg at eit arkitekturråd med ein arkitekt, ein landskapsarkitekt og ein biletkunstnar skal sikre høg visuell kvalitet på utsiktspunkt og rasteplassar. Vidare har ein engasjert ein egen eigen kunstkurator.
Ein skulle tru at all denne kompetansen ville gjere det overflødig med den typen tilpassingar som er nemnd over. Ein skulle vidare tru at dei faglege instansane som er i arbeid, hadde greidd å vera i fruktbar dialog med lokalmiljøet. Om det i det heile har vore slik dialog i tilfellet som her er omtalt, kjenner eg ikkje til. Om innspel i så fall er tekne omsyn til, er også uklårt. Derfor synest det for meg som om Statens vegvesen her har eit forbetringspotensial.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Nasjonale turistveger er 18 nøye utvalte strekningar gjennom dei mest opplevingsrike og vakre landskapa som Noreg har å by på. Målet med satsinga er å freista norske og utanlandske turistar til å velja landet vårt som sitt feriemål. Dette blir gjort med spanande og nyskapande arkitektur og tankevekkande kunst på nøye utplukka rasteplassar og utsiktspunkt slik at alle dei 18 strekningane skal framstå som likeverdige medlemmer av ein ny norsk turistattraksjon.
Som kjent er det Statens vegvesen som har oppdraget med Nasjonale turistvegar. Kvalitetsrådet for nasjonale turistveger med sin kompetanse på veg, natur, arkitektur og reiseliv har vore det rådgivande organ i overordna spørsmål, med vurdering og val av strekningar med tilhøyrande innhald som eit viktig tema. Arkitekturrådet og kunstrådet si oppgåve er å sikra det arkitektoniske og kunstneriske uttrykket i samspel med dyktige formgivarar og ingeniørar. Eit synleg resultat av alt dette er ei rekke arkitekturprisar til Statens vegvesen, arkitektane og dei som bygger for anlegg langs dei nasjonale turistvegane.
Arkitektur i natur har skapt nye bilete av Noreg og har styrka Noreg sitt omdømme som eit innovativt land i pakt med naturen. Rasteplassar og utsiktpunkt langs dei nasjonale turistvegane blir brukt aktivt på nett, katalogar og brosjyrar i marknadsføringa av Norge som reisemål. Bileta av utsiktstien og sørvisbygget på Eldhusøya framhevar både landet vårt og region når desse går verda rundt, blant anna gjennom Innovasjon Norge sin reiselivsportal «VisitNorway».
På Eldhusøya har Statens vegvesen lagt inn eit stort arbeid for å utvikla ein sliten hovudrasteplass til ein av dei ti store attraksjonane langs Nasjonale turistvegar. Det lokale påtrykket for å få gjort noko med toalettforholda og terrengslitasjen var stort, noko som har resultert i eit samarbeids-prosjekt der Møre og Romsdal fylkeskommune gjekk inn med 11,5 mill. kr og Averøy kommune sørgde for framføring av vatn.
Statens vegvesen melder at de for satsinga på Eldhusøya har gjennomført ein grundig planprosess i tett kontakt med Averøy kommune på vanleg måte, med høve til innspel både gjennom informasjonsmøte og høyringar. Revidert reguleringsplan med plassering av sørvisbygg og trase for ein universelt tilgjengeleg sti rundt heile øya blei vedteken av Averøy kommunestyre 21. juni 2010. At det også etter at planen er vedteken og anlegget er gjennomført fortsatt er ulikt syn på løysingar og estetikk er ikkje uventa, ikkje minst når ein som i turistvegsatsinga skal vera nyskapande og utfordrande for å oppfylla målet med satsinga.
Å vera nyskapande betyr også at ein stadig prøver ut nye materialar og løysingar, ei utfordring som kan bety at ein enkelte stader må retta opp enkelte detaljar når ein ser resultatet og får teke løysingane i bruk. Dette gjeld stien der ein i innspurten av arbeidet oppdaga at avstanden mellom gangbana og rekkverket dessverre blei for stor enkelte stader, noko som blir utbetra til sommaren 2015. Her er gangbana laga i rister av kompositt, eit materiale som blir brukt offshore på grunn av at det tåler røffe påkjenningar av ver og vind.
Eldhusøya har blitt svært populært og mykje besøkt både av turistar og lokalbefolkninga. Erfaringane frå sesongen 2014 viste at det er behov for å forsterka straumforsyninga for å sikra nødvendig kapasitet for drifta av sørvisbygget og tilbodet til dei besøkande. Statens vegvesen er allereie i gang med dette i dialog med lokale aktørar og Averøy kommune.
Statens vegvesen skal med sitt kvalitetssikringsopplegg gjera eit grundig og solid fagleg arbeid for å utvikla ein unik attraksjon til glede og nytte både for vegfarande og norsk næringsliv. Arbeidet med Eldhusøya stadfestar at det blir lagt opp til eit ope og grundig samarbeid for å få dette til, utan at ein går på akkord med det nasjonale blikket som må til for å utvikla ein internasjonal turistattraksjon.