Skriftlig spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til kulturministeren

Dokument nr. 15:707 (2014-2015)
Innlevert: 04.03.2015
Sendt: 05.03.2015
Besvart: 12.03.2015 av kulturminister Thorhild Widvey

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Kan statsråden visa dei økonomiske konsekvensane av å endra Lov om tilskott til livssynssamfunn slik at det berre blir gjeve tilskot til medlemer som er norske riksborgarar og som har bustad i riket, og som ikkje samstundes høyrer til Den norske kyrkja, eller eit anna samfunn som får tilskot etter lova her eller etter lov av 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna., og kan statsråden gje ei oversikt over kor stor økonomisk støtte Den norske kyrkja i dag mottek for norske borgarar som er busett utanfor Noreg?

Thorhild Widvey (H)

Svar

Thorhild Widvey: Spørsmålet gjeld lov om tilskot til livssynssamfunn. Eg legg til grunn at endringa som representanten Lundteigen omtaler i spørsmålet sitt, skal gjelde for trussamfunna utanfor Den norske kyrkja òg.
Tilskotsordninga for trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja har heimel i lov, jf. lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna og lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskot til livssynssamfunn. Føremålet med ordninga er å sikre stor grad av økonomisk likebehandling av trus- og livssynssamfunna i Noreg. Trus- og livssynssamfunna kan krevje eit årleg tilskot per medlem frå staten og frå kommunar der det bur medlemer, som om lag tilsvarer dei budsjetterte utgiftene til Den norske kyrkja per medlem. Sats for tilskot per medlem blir rekna ut ved at statens og kommunens budsjetterte utgifter til Den norske kyrkja blir delt på talet på medlemer i kyrkja.
Trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja får i dag statstilskot for norske statsborgarar busette i Noreg og i utlandet, og for utanlandske statsborgarar som er busette i Noreg. Dei får kommunale tilskot for norske og utanlandske statsborgarar som er busette i ein norsk kommune.
I 2014 avklarte kontrollen åt Brønnøysundregistra av medlemslistene for trus- og livssynssamfunna at samfunna alt i alt hadde krav på statstilskot for om lag 590 000 medlemar. Satsen for utrekning av statstilskot i 2014 var kr 449 per medlem. 590 000 tilskotsteljande medlemer gjev ei samla utbetaling av statstilskot for 2014 på om lag 264,9 mill. kroner.
Eg har henta inn tal frå Brønnøysundregistra som viser at om lag 400 000 av dei 590 000 tilskotsteljande medlemene var norske statsborgarar busette i Noreg. Med ein tilskotssats på kr 449 ville den samla utbetalinga av statstilskot for 400 000 medlemer i 2014 vore på 179,6 mill. kroner. Om ein av omsyn til lik handsaming i tillegg endrar utrekninga av tilskotssatsen og berre tek med medlemer av Den norske kyrkja som er norske statsborgarar busette i Noreg, vil satsen bli høgare enn kr 449 per medlem. Eg har ikkje eit eksakt tal på kor mange av medlemene i Den norske kyrkja busette i Noreg som er utanlandske statsborgarar, men det dreier seg venteleg om etter måten få. I utrekninga av satsen for statstilskot for 2014 inngjekk om lag 60 000 utvandra medlemer av Den norske kyrkja. Dersom desse om lag 60 000 utvandra medlemene ikkje hadde vore tekne med i utrekninga, ville satsen blitt kr 456 per medlem. Med 400 000 tilskotsteljande medlemer hadde den samla utbetalinga av statstilskot dermed blitt 182,4 mill. kroner.
Kvar enkelt kommune reknar ut sin eigen tilskotssats. Kulturdepartementet har ikkje oversyn over alle dei ulike kommunale tilskotssatsane. Men summen av dei kommunale tilskota til eit trus- eller livssynsamfunn er vanlegvis om lag like stor som eller noko større enn statstilskotet til samfunnet. I 2014 avklarte kontrollen åt Brønnøysundregistra av trus- og livssynssamfunna sine medlemslister at samfunna samla sett hadde krav på kommunale tilskot for om lag
580 000 medlemar. Om vi legg til grunn for utrekninga at alle dei kommunale tilskotssatsane i 2014 var kr 450 per medlem, gjev dette ei samla utbetaling av kommunale tilskot for 2014 på 261 mill. kroner. Om samfunna berre skulle fått kommunale tilskot for dei om lag 400 000 medlemene som er norske statsborgarar og busette i riket, ville den samla utbetalinga blitt 180 mill. kroner.
Den offentlege finansieringa av Den norske kyrkja skjer ved løyvingar over statsbudsjettet og dei kommunale budsjetta. Løyvingane er ikkje tufta på medlemstal, og eg kan difor ikkje gje eit oversyn over kor stor "økonomisk støtte" Den norske kyrkja får for norske borgarar som er busette utanfor Noreg.