Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:798 (2014-2015)
Innlevert: 24.03.2015
Sendt: 24.03.2015
Besvart: 07.04.2015 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): I Dalane tidende den 2. mars d.å. kunne vi lesa at informasjonssjef i Fiskeridepartementet Inger Dåsnes sa at omorganisering av Fiskeridepartementet ikkje skulle til Stortinget og at ministeren ville ta ei rask avgjerdsle. Det er Stortinget som har vedteke dagens struktur, og då er det Stortinget som ev. må endre strukturen.
Kan fiskeriministeren stadfeste at handsaminga kjem til Stortinget?

Begrunnelse

Informasjonssjefen er sitert i Dalane tidende den 2. mars på at fiskeriministeren vil ta ei rask avgjerdsle og at denne saka ikkje skal til Stortinget:

"Det er statsråden som tar avgjørelsen i denne saken. Den skal ikke til behandling i Stortinget. Statsråden har gjort det klart at hun legger opp til en rask behandling. Det er formålstjenlig i saker som dette , sier Dåsane."

Iflg. DIFI-rapporten ble spørsmålet om organisering av de ytre fiskerietatene lagt fram for Stortinget i 1996, og fulgt opp i 1997. Endelig sammenslåing med inndelingen i ni regioner ble vedtatt høsten 1997. Samtidig ble loven om rettledningstjenesten opphevet med virkning fra 1. juli 1998. Antallet regioner ble redusert fra ni til sju fra 2004.

I budsjettinnstillingen fra 2004 (Innst. 8 (2004-2005)) står følgende komitemerknad under Fiskeridirektoratet:

"Organisering

Komiteen viser til forslaget i St.prp. nr. 1 (2004-2005) om at to regioner (Troms og Møre og Romsdal) skal få et regionovergripende ansvar og myndighet for ressurskontrollen. Disse to regionene skal derved ha et faglig og administrativt ansvar og myndighet for det personell som inngår. Komiteen har merket seg i brev datert 22. november 2004 fra fiskeriministeren om at personalansvaret likevel ikke skal overføres fra de enkelte syv regionskontorene, men at hensikten er å prosjektorganisere enkelte oppgaver for å legge til rette for en fleksibel og god ressursutnyttelse. Komiteen støtter en fleksibel bruk av slike tidsavgrensede prosjekter, men forutsetter at dette ikke vil komme i strid med Stortingets vedtak om at Fiskeridirektoratet skal ha sju likeverdige regioner. Komiteen har merket seg fiskeriministerens forsikringer til Stortinget, og forutsetter at en ikke vil svekke disse regionene verken formelt eller uformelt."

Regjeringa Solberg har ved fleire høve teke til orde for at Stortinget skal spela ei viktigare rolle, og dagens regjering er også ei mindretalsregjering. Eg går utifrå at fiskeriministeren er samd i at Stortinget bestemmer over regjeringa, og tek saka til Stortinget. Etter at fiskeridirektøren kom med si innstilling har det komme mange innsigelsar på å kutte regionskontor også frå stortingsrepresentantar frå regjeringspartia. For å sikre at alle partar vert høyrt og innvolvering av dei tilsette så må prosessen gjerast ordentleg, og det vil nødvendigvis ta litt tid.

Elisabeth Vik Aspaker (H)

Svar

Elisabeth Vik Aspaker: Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) har evaluert Fiskeridirektoratet på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet. Difi sitt oppdrag var å vurdere organiseringa til Fiskeridirektoratet, styring og mål- og resultatoppnåing. Parallelt med dette hadde Fiskeridirektoratet ein eigen prosess med sikte på å gjennomgå og foreslå endringar i organiseringa til direktoratet, sentralt og regionalt.

Fiskeridirektøren har med grunnlag i evalueringen og sin eigen prosess gjort vurderingane sine, og overleverte si tilråding om framtidig organisering av regionstrukturen til direktoratet til Nærings- og fiskeridepartementet 2. mars i år.

For meg er det heilt avgjerande å få ei organisering som sikrar kompetansen og gode fagmiljø i Fiskeridirektoratet, og som sikrar ein rasjonell og fleksibel utnytting av ressursane til direktoratet. Oppgåvene til direktoratet er under endring og havbruksnæringen har hatt stor vekst dei siste tiåra. Det vert no viktig å finne ein struktur i organiseringa som bidreg til effektivisering av Fiskeridirektoratet, og frigjer ressursar som kan gje direktoratet større evne og fleksibilitet til å halde merksemd på fiskeri samstundes som ein styrkjer seg på havbruk.

I tillegg er det viktig å sikre kvalitet og effektivitet i sakshandsaminga, for å sikre lik handsaming og yte god service til næringsaktørar og andre som er avhengig av dei tenestene direktoratet utfører.

Eg vil no gjere ei grundig vurdering av forslaget frå fiskeridirektøren før eg tek stilling til saka. Tal på regionar og lokaliseringsspørsmål vil vere ein del av dei vurderingane som vi skal gjere. Staten sine retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon vil liggje til grunn ved vurderinga.

Det alminnelege utgangspunktet er at det er statsråden som tek avgjerd om organiseringa av etatar som er underlagd departementet.

Eg er merksam på Stortinget si involvering i samband med den forrige endringa i organiseringa av Fiskeridirektoratet sin regionstruktur, då Stortinget i samband med vedtak av budsjettendringer òg fatta eit vedtak om å oppretthalde to regionar i tillegg til dei fem regionane som det var lagt opp til på det tidspunktet. Den dåverande regjeringa innretta seg etter dette vedtaket ved å endre regionstrukturen i samsvar med Stortingets vedtak.

Eg gjer merksam på at omorganiseringen som nå vert vurdert, ikkje vil krevje budsjett- eller lovendringer. Det inneber at saka stiller seg annleis no, og eg vil vurdere på kva for ein måte det vil vere rett å kome attende til denne saka overfor Stortinget.