Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:810 (2014-2015)
Innlevert: 26.03.2015
Sendt: 26.03.2015
Besvart: 07.04.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa vurdere å gjere endringar i regelverket for dagpengar, slik at arbeidsinnvandrarar på "spesialistvisum" som mistar jobben får reelt høve til å finne ny jobb?

Begrunnelse

Folketrygdlova § 4-5 stiller krav om at den som søkjer dagpengar må "være reell arbeidssøker". Dette medfører mellom anna at mottakaren må vere villig til å utføre ein kvar type arbeid. I rundskrivet til den aktuelle paragrafen går det fram at vilkåret skal praktiserast strengt.
For personar som har opphaldsløyve som faglært, eit såkalla "spesialistvisum", er det ikkje høve til å ta anna arbeid enn det som er fastsatt i opphaldsløyvet. Arbeidssøkjarar som har opphald på dette grunnlaget kan med andre ord ikkje oppfylle vilkåra for å motta dagpengar, sjølv om dei søkjer arbeid i tråd med føringane i opphaldsløyvet sitt.
Dette virkar urimeleg på mange, og kan føre til at Noreg mistar verdifull arbeidskraft. Sjølv om vilkåra for å motta dagpengar generelt sett er svært fornuftige, bør det vere mogleg å gjere unnatak, til dømes gjennom eit rundskriv som slår fast at ein legg til grunn at arbeidssøkjarar med spesialistvisum er reelle arbeidssøkjarar.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Alle som bur eller arbeider i Noreg er som hovudregel medlem i folketrygda, og utlendingar kan i utgangspunktet få den same retten til trygd som norske borgarar. For å få rett til dagpengar under arbeidsløyse, er det ei rekkje vilkår i folketrygdlova kap. 4, som må vere oppfylt. Mellom anna er det eit sentral vilkår at ein kan reknast som reell arbeidssøkjar, dvs. å vere villig og i stand til å ta eitkvart arbeid kor som helst i landet, uavhengig av om det er på heiltid eller deltid. For utlendingar må ein vurdere dette vilkåret opp mot grunnlaget for opphaldet til den enkelte:
Borgarar frå land utanom EU/EØS og Norden, tredjelandsborgarar, må ha opphaldsløyve for å opphalde seg og arbeide i Noreg. Løyva har noko ulikt innhald etter kva som er grunnlaget for opphaldet. Når grunnlaget for løyvet er arbeid, vil det som oftast vere slik at grunnlaget for løyvet fell bort når det arbeidsforholdet som ga grunnlag for opphaldet, vert avslutta. Dette inneber at mange arbeidsinnvandrarar som blir arbeidslause, samtidig mister retten til å opphalde seg og arbeide i Noreg.
Faglærte får som hovudregel løyve til å ta ein bestemt type arbeid, det er da vurdert at det er behov for arbeidskrafta og at det ikkje er alternativ arbeidslaus norsk arbeidskraft. Løyvet blir gitt for inntil tre år etter utlendingsloven § 23 jf. utlendingsforskrifta § 6-1. Utlendingar med slike løyver (”spesialistar”) vil som følgje av denne avgrensinga ikkje kunne fylle vilkåret om å være reell arbeidssøkjar, då dei ikkje vil kunne ta eitkvart arbeid. Det er likevel ikkje til hinder for at faglærte som blir arbeidslause har rett til å opphalde seg i Noreg som arbeidssøkjarar i inntil seks månader innanfor dei tre åra løyvet gjeld.
Ein arbeidssøkjar som har opphaldsløyve som faglært kan likevel berre ta arbeid som faglært og som utgangspunkt berre arbeid på full tid (i praksis minst 80 pst. stilling). Bakgrunnen for dette kravet er at det etter utlendingslovgjevinga er eit generelt krav om å kunne forsørgje seg sjølv.
Desse vilkåra i utlendingslovgjevinga gjer at faglærte som blir arbeidslause, ikkje kan fylle kravet for rett til dagpengar etter folketrygdlova om å vere reell arbeidssøkjar.
I utlendingsreglane blir behovet for arbeidskraft vekta mot innvandringsregulerande omsyn. Det inneber mellom anna at eit løyve til opphald for å arbeide som faglært, ikkje utan vidare kan utvidast til eit løyve til å ta ufaglært arbeid.
Det grunnleggjande kravet i dagpengeregelverket om å være reell arbeidssøkjar må etter mi vurdering gjelde like strengt for alle arbeidssøkjarar. Det ville vere urimeleg om kravet skulle praktiserast mindre strengt for arbeidssøkjarar som er her på mellombels opphald, enn for andre arbeidssøkjarar.