Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:831 (2014-2015)

Innlevert: 27.03.2015
Sendt: 07.04.2015
Besvart: 15.04.2015 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Har Noreg fjerna kravet om at entreprenøren og fagleg leiar for utanlandske byggefirma må ha hatt bustad i Noreg i minst eitt år, når blei dette kravet fjerna, og dersom kravet blei fjerna etter 1995, korleis kan det då vere korrekt at Noreg sitt opningstilbod i TISA ikkje medfører nokon endringar frå Noreg si bindingsliste i GATS frå 1995?

Begrunnelse

9. februar i år sende eg eit skriftleg spørsmål til utanriksministeren om TISA-avtala. Her spurde eg om TISA-avtala, dersom Noregs opningstilbod i TISA-forhandlingane ikkje blir endra på det relevante området, vil gjere Noreg forplikta til å tillate internasjonale byggefirma frå TISA-landa å etablere seg som AS i Noreg på lik linje med norskeigde byggefirma.
I sitt svar datert 16. februar skriv utanriksministeren at Noreg heilt sidan 1995, gjennom GATS, har «vore forplikta til å tillate utanlandske byggefirma frå WTO-landa å etablere seg i Noreg på lik linje med norskeigde byggefirma utan nokon form for diskriminerande tiltak».
I Noregs bindingsliste frå 1995 står det like fullt eit heilt klart krav overfor utanlandske firma som vil operere i Noreg. I vedlegg nr. 2 til St. prp. nr.65 1993-94, side 308, kan ein lese følgjande restriksjon på nasjonal handsaming innan bygg og andre relaterte ingeniør tenester:

«Entreprenøren og faglig leder for virksomheten må i minst 1 år ha hatt bopel i Norge og fremdeles bo der. I særlige tilfeller kan det gjøres unntak. Dersom entreprenøren flytter fra Norge vil godkjennelsen falle bort inntil han igjen har bopel i Norge.»

I Noregs opningstilbod for TISA-forhandlingane kan eg ikkje sjå at Noreg har lagt inn tilsvarande restriksjon for nasjonal handsaming.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Noreg fjerna kravet om bustad for entreprenør og fagleg leiar då entreprenørlova vart oppheva med verknad frå 1. april 1997. I staden er det no gjeldande reguleringar i byggingssektoren som inkluderer krav om godkjenning av føretak for ansvarsrett, med fokus på kvalifikasjonar. Då Noreg fremja opningstilbodet sitt i Doha-forhandlingane 31. mars 2003, vart endringa på dette punktet teke med. Det er og reflektert i det reviderte Doha-tilbodet frå 28. juni 2005. Dette er soleis ein norsk Doha-posisjon. Denne endringa blei omtala for Stortingets organ i samband med orienteringar om Doha-forhandlingane i mars 2003. I Noregs bindingsliste i WTO-avtalen om handel med tenester (GATS) frå 1995, er bustadskravet som då gjaldt reflektert som ei innskrenking i plikta til nasjonal handsaming av utanlandske tenester som vert levert gjennom midlertidig opphald for tenesteytarar personleg (kalla leveringsmåte 4 i bindingslista). Noreg har inga innskrenkingar i plikta til nasjonal handsaming av utanlandske tenester som vert levert i Noreg gjennom etablering her (kalla leveringsmåte 3). Noregs opningstilbod i forhandlingane om ein avtale om handel med tenester (TISA) er soleis i samsvar med Noregs Doha-posisjoner på dette punktet. Denne posisjonen inneber ei endring i høve til pliktnivået i GATS-bindingslista når det gjeld tenester levert gjennom mellombels opphald av tenesteytarar personleg. TISA-tilbodet reflekterer det same pliktnivået som er avtala i bindingslista i bilaterale frihandelsavtaler, som og samsvarar med Doha-posisjonane. TISA-forhandlingane har som grunnlag ei semje om at forhandlingspartane tek med pliktar frå sine «beste» frihandelsavtalar i TISA-tilboda.