Hadia Tajik (A): Kva er planen til justis- og beredskapsministeren for å sikre at den midlertidige væpninga av politiet ikkje sklir over i alminneleg generell væpning?
Begrunnelse
I fjor haust (26. november) understreka statsråden for Stortinget at han ikkje hadde som intensjon å la den midlertidige væpninga vare så lenge at den gjekk over i ei alminneleg væpning av politiet. No har det gått fem månader frå den midlertidige væpninga vart innført. No er den utvida til juni. Det inneberer at me snart passerer eit halvt år. Då er det naturleg å rekne med at han har ein plan for kva han skal gjere for at den midlertidige væpninga skal kunne avviklast. I fjor haust sa han òg til Stortinget at "I trusselvurderingene fra PST gjøres det også klart at risikoreduserende tiltak vil kunne bidra til å redusere risikoen." Sjølv om han av tryggingsgrunnar ikkje kan gjere opent greie for absolutt alle dei risikoreduserande tiltaka, er det rimeleg at Stortinget vert informert om korleis dette arbeidet ligg an, og hovudlinene i det han vil foreta seg framover, for å redusere risikoen. Arbeiderpartiet er for å ha moglegheita til å ta i bruk generell væpning som eit midlertidig tiltak i særleg krevjande situasjonar, sjølv om me er mot generell væpning til vanleg. Spørsmålet handlar altså ikkje om adgangen til å midlertidig ta dette i bruk.