Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:899 (2014-2015)
Innlevert: 23.04.2015
Sendt: 23.04.2015
Besvart: 28.04.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): I hovudstaden har det dei siste åra vorte sett i gang ei rekke prosjekt for å motverke og bekjempe arbeidslivskriminalitet, svart arbeid og sosial dumping. Eit illusterande eksempel er prosjekt «Svartmaling», som med hell har avdekka ei rekke saker innanfor handverksbransjen. Enn så lenge blir desse prosjekta drivne som tidsbestemte prosjekt, kor fleire etatar samarbeider.
Meiner statsråden at desse prosjekta bør bli videreførte ved prosjektperiodens tiltenkte utløp, og kjem ei slik vidareføring til å skje?

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Regjeringa lanserte sin strategi mot arbeidslivskriminalitet 13. januar i år, og kampen mot arbeidslivskriminalitet skal styrkast. For 2015 er det gått ut felles styringssignal om prioritering av dette området og om auka satsing på tverretatleg samarbeid til ei rekke etatar, blant andre Skatteetaten, Arbeidstilsynet, NAV, Riksadvokaten og Politidirektoratet.
Politiets budsjett er i 2015 styrka med 350 nye politistillingar og 50 påtalejuristar. Det er gjeve klare føringar i tildelingsbrevet til Politidirektoratet om at kampen mot økonomisk kriminalitet, herunder arbeidslivskriminalitet skal prioriterast, når stillingane skal fordelast i politidistrikta og særorgana. Eg legg til grunn at desse styrkte ressursane, saman med læring frå røynsla som politiet gjer seg i dei ulike prosjekta som representanten Klinge viser til, vil bli integrerte i det vidare arbeidet mot arbeidslivskriminalitet.
Eg tilføyer at nye, større politidistrikt, etablering av eit nasjonalt tverretatleg analyse- og etterretningssenter, eit nytt studium på Politihøgskolen innan arbeidet mot økonomisk kriminalitet og utgjeving av ein nasjonal vegleiar om informasjonsutveksling i det tverretatlege samarbeidet, både skal løfte innsatsen og forbetre resultata i 2016 og åra framover.