Per Olaf Lundteigen (Sp): Kan statsråden leggja fram ei oversikt over utviklinga i andelen sysselsette personar med minst sju års butid i riket fordelt på landbakgrunn for perioden 2000-2014, der desse personane blir fordelt både med same landbakgrunn som i Dokument nr. 15:826 og på einskildland?
Begrunnelse
Eg viser til statsråden sitt svar på mitt skriftlege spørsmål vedkomande andelen registrerte sysselsette med minst sju års butid fordelt på landbakgrunn, i tillegg til fordeling av heiltid og deltid, jf. Dokument nr. 15:826 (2014-2015). Svaret inneheld ei fordeling av heiltids- og deltidstilsette personar med minst sju års butid i riket, men fordelinga viser ikkje andelen sysselsette personar for gruppene med ulik landbakgrunn, slik eg ønskte å få svar på.
Eg bed difor om at statsråden legg fram ei oversikt som viser utviklinga i andelen sysselsette personar med minst sju års butid i riket fordelt på landbakgrunn, slik at denne andelen viser sysselsette i pst. av personar med minst sju års butid med same landbakgrunn.