Skriftlig spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:951 (2014-2015)
Innlevert: 07.05.2015
Sendt: 08.05.2015
Besvart: 28.05.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Eg viser til statsråden sine svar på tidlegare skriftleg spørsmål frå meg om sysselsetingstal for personar med minst sju års registrert butid i Noreg, jf. Dokument nr. 15:921 (2014-2015) og Dokument nr. 15:826 (2014-2015).
Kan statsråden leggja fram same oversikt over sysselsetting som statsråden gjer i Dokument nr. 15:921 (2014-2015) for personar i aldersgruppa 25-62 år (gjerne fordelt på aldersgrupper) med minst sju års registrert butid i Noreg der personane er fordelt på landbakgrunn både enkeltland og geografisk område?

Begrunnelse

Statsråden gjev i sitt svar på Dokument nr. 15:921 (2014-2015) ei oversikt over sysselsettingsandelen til personar i aldersgruppa 15-74 år med minst sju års butid i Noreg. Dette er ei nyttig oversikt, men det vil òg vera viktig å få ei tilsvarande oversikt for personar i aldersgruppa 25-62 år sidan innvandrarar har ein annan demografisk samansetnad enn befolkninga elles. Eg legg til grunn at statsråden kan framskaffa ei slik oversikt som eg i dette spørsmålet bed om.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Eg viser til førebels svar, kor eg opplyste at Arbeids- og sosialdepartementet har bestilt tal frå Statistisk sentralbyrå. Vi har no fått oversendt ei oversikt over sysselsetjing blant innvandrarar i aldersgruppa 25 – 62 år med minst sju års butid. Statistisk sentralbyrå presenterer sysselsetjingstala i personar og i prosent av befolkninga, fordelt på verdsregion og enkeltland, og for perioden 2001 – 2013. Oversikta følgjer vedlagt.

Vi ser særleg at innvandrarar med bakgrunn frå Norden og Vest-Europa har høg sysselsetjing.



Lenke til vedleggene i pdf-format